Global Knowledge

Halvtårsstudium, våren 2019

Med Global Knowledge tileignar du deg tverrkulturell kompetanse og global forståing, og får tre månader praksis i Zambia, Madagaskar eller Sør-Afrika.

I emnet Global kulturkunnskap førebur du deg til praksis og prosjektarbeid med spanande teori om blant anna interkulturell kommunikasjon, afrikansk filosofi "Ubuntu", utviklingsteoriar, samfunnsutvikling og global forståing knytt til tverrkulturell kompetanse.

Du lærer å

  • samhandle og kommunisere verbalt og non-verbalt med menneske frå ulike kulturar
  • utveksle synspunkt om sentrale kulturelle problemstillingar i eit nord-sør perspektiv
  • reflektere over globale perspektiv, med særleg fokus på norsk og afrikansk kontekst
  • reflektere kritisk over din kulturelle ståstad og utvide eigen "forståelseshorisont" i møte med andre menneske
  • reflektere over mangfald som ressurs generelt og i ulike profesjonsutdanningar i Noreg spesielt

Studiet har krav om politiattest  

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid, rettleiing og presentasjonar. All undervisning er obligatorisk.

Praksis

Gjennom emnet Fleirkulturell prosjektpraksis har du eit større prosjektarbeid og 4 veker praksis i Zambia eller Madagaskar.

Studentar på barnevern, sosialt arbeid og vernepleie ved HVL tar emnet Fleirkulturell praksis, med eit mindre prosjektarbeid og 8 veker praksis i Zambia eller Sør-Afrika.

Oppstart

Januar 2019.

I Søknadsweb vel du alternativet "Opptak til enkeltemner", og "Enkeltemne Sogn og Fjordane".

Kor kan du reise?