Elektronikkingeniør

Bachelor Hausten 2020

Til dagleg omgir vi oss med elektroniske innretningar som vi tar som sjølvsagt. Vi finn avansert elektronikk i alt frå bilar til leiketøy.

Ein elektronikkingeniør har kunnskapar om korleis elektronikken i slike einingar er bygd opp. Etter ferdig utdanning kan du konstruere elektroniske system, lage kretskort, designe lydforsterkarar og programmere mikrokontrollarar og FPGA. 

Elektronikkstudiet gir ei solid innføring i grunnleggande ingeniørfag, med særleg vekt på analog og digital elektronikk. Elektronikk relatert til helse- , energi-, miljø og havteknologi er viktige satsingsområde for denne ingeniørutdanninga.

Datamaskiner/FPGA/mikroprosessorar som hentar måledata frå sensorar, behandlar signala og sender informasjon vidare ved bruk av elektronisk kommunikasjon står sentralt i utdanninga.

Nokre fag er praktiske og konkrete, med stor vekt på kretskonstruksjon. Andre fag er meir teoretiske og systemorienterte. Her ligg hovudvekta på å forstå større system innan måleteknikk, tele- og datanett.

Undervisningsmåtar

Vanlege arbeidsformer er forelesingar, rekneøvingar og laboratoriearbeid, der det kan inngå både gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr eller simulering på datamaskin.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på 2-4 personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet. Mange av studentane tek den avsluttande bacheloroppgåva i ei bedrift i regionen.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits, Spania, USA, Canada og New Zealand.

Kor kan du reise?

Kva gjer ein elektronikkingeniør?