Elkraftteknikk

Bachelor Hausten 2020

Har du lyst til å jobbe med framtidas utfordringar? Energiforsyning er heilt avgjerande for at eit moderne samfunn skal fungere, og det er i dag eit stort fokus på fornybar energi. Denne bachelorutdanninga gir spennande jobbmoglegheiter i ein bransje som har stort behov for kompetanse.

Studiet har fokus på miljøvennleg energiproduksjon, og gir ei brei oversikt over utviklinga på energiområdet.

 

Du lærer om

  • kraftproduksjon og overføring og forbruk av kraft, alt sett inn i ein miljøsamanheng
  • programmering, målesystem og programmerbare logiske styringar
  • elektriske anlegg
  • elektriske maskiner og installasjonar
  • høgspenning og kraftelektronikk

Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Praksis

Det siste studieåret kan du ha praksis i ei av våre samarbeidsbedrifter.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4., 5. eller 6. semester.

Kor kan du reise?