Norsk 1 5.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Denne vidareutdanninga er eit reint nettstudium, og er for deg som underviser eller vil undervise i norsk på mellom- og ungdomstrinnet.

Du lærer om

  • Vidare lese- og skriveopplæring
  • Språket som system
  • Tekstskaping og -forståing

Studiet inneheld to modular: Elevens språk og elevens tekst.

Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Undervisningsmåtar

Dette er eit reint nettstudium, med nettsamling á 2 timar kvar torsdag, frå kl:14:00-16:00. Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper.

Slik foregår nettsamlingane

Det er fire arbeidskrav per semester, både individuelle og gruppearbeid. Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om pedagogisk bruk av IKT i tekstskaping og -forståing. Kollegarespons står sentralt.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona.

Nettsamlingar torsdagar kl. 14.00-16.00.