Automatisering med robotikk | Førde

Bachelor Hausten 2021

Ein automatiseringsingeniør utviklar løysingar som gjer kvardagen meir effektiv, enkel og trygg. I dette yrket kan du utvikle ny, spennande og berekraftig teknologi som formar framtida!

Har du tenkt på korleis ein koffert blir transportert automatisk frå du legg den på rullebandet på flyplassen, til den hamnar i lasterommet på flyet? Eller korleis ein utviklar robotar som forenklar kvardagen til folk og fornyar arbeidslivet? Du har kanskje høyrt om autonome fartøy, og er nysgjerrig på korleis slike ting blir laga?

Som det ligg i namnet, handlar dette fagfeltet om å gjere prosessar og system automatiske. Automatisering er eit framtidsretta fag. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet og i ulike delar av næringslivet.

Effektive prosessar gir mindre sløsing og mindre forureining, noko som er ein føresetnad for å nå FNs berekraftsmål. Automatiseringsingeniøren er ein viktig bidragsytar i å bygge oppunder dette arbeidet.

På Campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking, og eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø som jobbar tett saman med næringslivet om studentoppgåver og sommarjobbar.

Undervisningsmåtar

Vanlege arbeidsformer er førelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid. Du tileignar deg kunnskap både i klasse, gjennom gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan omfatte målingar på komponentnivå og på systemnivå. Vi gjer nytte av simuleringar saman med praktisk styring og regulering av fysiske prosessar. Førelesningane føregår i all hovudsak på campus, men vil også supplerast med nettbasert innhald der det styrker læringa.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på inntil fire personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Vil du studere meir?

Etter fullført studium får du graden bachelor i ingeniørfag. Dette gir deg høve til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL kan du til dømes gå vidare på ein mastergrad i innovasjon og entreprenørskap.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits (CERN), Spania, USA, Canada og New Zealand. Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av desse institusjonane.

Kor kan du reise?

Teknologisamarbeid i Førde

På campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking. Tar du teknologiutdanning i Førde kan du tillegg få relevant jobb mens du studerer!

Frå fagbrev til bachelor

Thor Erling Thorbjørnsen valde Y-vegen til ingeniørstudiet i Førde. Då kunne han ta realfaga han mangla parallelt med studiet.

HVL robotics sin eigen Youtube-kanal