Engelsk 1 5.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2021

Studietilbodet Engelsk 1, 5-10 gir grunnutdanning for deg som undervisar eller vil undervise i engelsk i 5. til 10 trinn. Studiet gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk i eit rikt og variert utval av tekstar til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse står sentralt.

Kven er studiet for? Engelsk 1, 5-10 rettar seg i hovudsak mot deg som er lærar på mellom- og ungdomsskuletrinnet, og som manglar formell kompetanse i engelsk frå før.

Studiet har to emne som bygger på kvarandre, emne 1 blir undervist i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.

Studiet omfattar kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

I studiet inngår eit tilbod om ein studietur til Norwegian Study Centre ved Universitetet i York, England. Opphaldet her er viktig for læringsutbytet i faget, og gir deg i tillegg moglegheit for mykje språkøving og kulturinnsikt. Turen er ikkje obligatorisk. Studieturen er lagt til emne 2, i vårsemesteret.

Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

Undervisinga er på engelsk. Me nyttar læringsplattforma Canvas til kommunikasjon med studentane ved dette studiet. Her blir det lagt ut leksjonar, arbeidsoppgåver, og obligatoriske arbeidskrav. Samlingane er lagt til Høgskulen på Vestlandet, Bergen.

Vurderingsformer:

  • Emne 1: Munnleg eksamen
  • Emne 2: Deleksamen, med ein skriftleg skuleeksamen og ei skriftleg oppgåve

Timeplan

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar på to dagar per semester. Samlingane er på dagtid i vekedagar.

Informasjon om timeplan kjem seinare. Du får tilgang til læringsportalen Canvas før studiestart med meir informasjon.