Eit særlig fokus vert retta mot å læra opp til, og til å meistre det å takle utfordringar i samband med relasjonen hjelpar-brukar med tanke på helsefremjing, meistring og myndiggjering. Studenten vert utfordra til å bruke seg sjølv i samhandling med brukarar, samt øve på medvit og refleksjon omkring eigne og andre sine grenser.
Organisering og arbeidsmåtar
Samlingsbasert, i hovudsak tre vekessamlingar kvart semester.
Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiing, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane
Studiekrav
Ja. Vert spesifisert i semesterplan ved studiestart.
Vurdering
Heimeeksamen
Opptakskrav
180 studiepoeng frå høgskule eller universitet. Minimum 1 års relevant praksis i minimum 50%- stilling.
Samlingsplan
Måndag - fredag veke 35, 40 og 47 på Stord / i Haugesund.
Korte fakta
- Målgruppe: Personar i privat og offentlig sektor som arbeider med psykisk helsearbeid.
- Søknadsfrist: opptak for hausten 2017 er avslutta
- Varighet: 1 semester
- Studiepoeng: 15
- Semesteravgift: Kursavgift: 1000,- pr. semester
- Stad: Stord, men ein må pårekne nokre av samlingsdagane i Haugesund.
- Sjå studieplan for emnet (emnekode PSYK6103)