Psykososialt arbeid - ulike praksisar, teoriar og etiske dilemma

EtterOgVidereutdanning

Utdanninga skal gi studentene auka kompetanse til å styrke meistring og trivnad hos barn og unge i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid. Studentane skal utvikle dugleik i å identifisere psykososiale belastingsfaktorar i nærmiljøet og setje inn riktige tiltak. Studiet fokuserer på barn og unge i alderen 0 til 23 år.

Hopp til

    Søknadsweb for HVL

     

    Emnet gjev kunnskap om kommunikasjon, etiske utfordringar og om ulike strategiar for forebyggjande og helsefremjande arbeidsmåtar i psykososialt arbeid. Studenten blir utfordra på eigne fagteoretiske perspektiv, vitskapsteori og metode, for å vidareutvikla teoretisk og praktisk handlingskompetanse.

    Organisering og arbeidsmåtar

    Samlingsbasert. 3 veker pr. semester. Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiing, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane

    Studiekrav

    Ja. Vert spesifisert i semesterplan ved studiestart.

    Vurdering

    Heimeeksamen

    Opptakskrav

    180 studiepoeng frå høgskule eller universitet. Minimum 1 års relevant praksis i minimum 50%- stilling.

    Samlingsplan

    Måndag - fredag veke 35, 40 og 47 på Stord / i Haugesund.

    Korte fakta 

    • Målgruppe: Personar i privat og offentleg sektor som arbeidar med barn og unge. 
    • Søknadsfrist: opptak for hausten 2017 er avslutta
    • Varighet: 1 semester
    • Studiepoeng: 15
    • Stad: Stord, men ein må pårekne nokre av samlingsdagane i Haugesund
    • Sjå studieplan for emnet (emnekode PSBU6103)