Rehabilitering 2

EtterOgVidereutdanning

Arbeider du innanfor ein sektor som har brukarar/pasientar med nedsett funksjon og som kan trenga rehabilitering? Rehabilitering er eit viktig og interessant fagfelt som vil ha eit auka fokus både i helse- og omsorgstenesta i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Tenester innan rehabilitering skal bidra til at pasient/brukar kan trene opp og vedlikehalde teknikkar for å kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv ut frå egne føresetnader og ynskjer.

Hopp til

    Søknadsweb for HVL

     

    Rehabilitering 2 byggjer på Rehabilitering 1 eller tilsvarande, men skal i større grad bidra til dybdekunnskap og utvida forståing for rehabilitering. Dette inkluderer både å ta initiativ til, organisere og å setje i verk rehabilitering i samarbeid med brukarar, pårørande og ulike yrkesgrupper. Emnet byggjer på sentrale element og omgrep i rehabilitering.

    Organisering

    Undervisninga vert basert på 3 samlingar i semesteret med 2 dagar på kvar samling og me legg opp til bruk av elektroniske læringsverktøy. Studiet er derfor lagt til rette for studentar utanom nærområdet. I tillegg vert det lagt opp til studiekrav som eventuelt kan kombinerast med praktiske øvingar i tilknyting til yrkesfeltet.

    Undervisningsmåtar

    Førelesingar, sjølvstudier, gruppearbeid, skriftleg og praktisk oppgåvearbeid individuelt og i gruppe.

    Studiekrav

    Ja. Vert spesifisert i semesterplan ved studiestart.

    Vurdering

    Heimeeksamen

    Opptakskrav

    180 relevante studiepoeng frå høgskule eller universitet. Minimum 1 års relevant praksis i minimum 50 % stilling. I tillegg må ein ha bestått Rehabilitering 1 eller tilsvarande.

    Samlingsplan

    To dagar i veke 36, 39 og 46 i Haugesund.

    Korte fakta

    • Målgruppe: Helsepersonell og eventuelt andre som har ansvar og oppgåver knytt til rehabilitering til brukarar i eigne heimar eller institusjonar.
    • Søknadsfrist: opptak for hausten 2017 er avslutta
    • Varighet: 1 semester
    • Studiepoeng: 15
    • Semesteravgift: 780,- pr. semester. Kursavgift: 1000,- pr. semester
    • Stad: Haugesund
    • Sjå studieplan for emnet (Emnekode EVH-REHAB216)