Sameksisterande problematikk og samtidig rus og psykisk liding står sentralt. Emnet skal dessutan gje inngåande kunnskap om krenkingsproblematikk i eit individuelt - og samfunnsperspektiv. Kjønns - og fleirkulturelle utfordringar vil det og bli fokusert på. Emnet vil vektleggje systematisk refleksjon, brukarmedverknad, kommunikasjon og terapeutiske tilnærmingar. Myndiggjering og verdigheit som grunnlag for utredning, diagnostisering og omsorg står sentralt.
Organisering
Deltidsutdanning med vekessamlingar på campus Haugesund.
Undervisningsmåtar
Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiing, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane.
Studiekrav
Ja. Vert spesifisert i semesterplan ved studiestart.
Vurdering
Heimeeksamen
Opptakskrav
180 studiepoeng fra høgskule eller universitet.
Minimum 1 års relevant praksis i minimum 50 % stilling.
Samlingsplan
Måndag til fredag veke 35, 40 og 47 i Haugesund.
Korte fakta
- Målgruppe: Personer i privat og offentleg sektor som arbeidar med rusproblematikk.
- Søknadsfrist: opptak for hausten 2017 er avslutta
- Varighet: 1 semester
- Studiepoeng: 15
- Kursavgift: 1000,- pr. semester
- Sjå studieplan for emnet (emnekode RUS6103)