Hopp til innhald

Studieplan - Karriererettleiing

Hausten 2025

Denne heildigitale vidareutdanninga passar godt for deg som jobbar i NAV eller i ei arbeidsinkluderingsbedrift og vil utvikle kompetansen din i karriererettleiing. Du vil både lære om korleis du kan rettleie menneske i ulike livssituasjonar ved karriereval, men også om kva som påverkar val og moglegheiter for karrierelæring. Vidareutdanninga gir deg ikkje berre kunnskap om teori, metode og etikk i karriererettleiing, men også ferdigheiter i å tilpasse dette til eigen praksis i arbeidsinkluderingsfeltet.

Studiet er heildigitalt.