Studieplan - Årsstudium i bedriftsøkonomi
Hausten 2026
Studiet har si hovudtyngd innan det bedriftsøkonomiske fagområdet, der fire sentrale emne er valde ut for å gi kandidatane eit praksisnært studium med solid teoretisk forankring i bedriftsøkonomi. Utdanninga gir relevant kunnskap om korleis verksemder i privat og offentleg sektor fungerer, og korleis dei kan ta betre avgjerder på kort og lang sikt.
Opptakskrav
Læringsutbytte
Kunnskapar
Etter fullført årsstudium i bedriftsøkonomi skal kandidaten:
- Syne medvit om eigne verdiar og korleis desse påverkar åtferd og avgjerder i ein bedriftskontekst.
- Demonstrere kritisk tenking, ansvar og etisk refleksjon i møte med økonomiske og administrative utfordringar.
- Forstå korleis økonomiske og organisatoriske problemstillingar blir påverka av ressursar, kontekst og verdisett.
- Ha evne til å samarbeide effektivt i team og på tvers av fagområde for å nå felles mål.
- Vere i stand til å bidra til verksemder si tilpassingsevne og innovasjon i eit dynamisk arbeidsmiljø.
Ferdigheiter
Etter fullført årsstudium i bedriftsøkonomi skal kandidaten kunne:
- Nyttiggjere seg grunnleggjande økonomisk-administrative teoriar og metodar for å analysere og løyse praktiske problemstillingar innan bedriftsøkonomi og rekneskap.
- Gjennomføre enkle analysar av finansrekneskap og økonomiske rapportar, og bruke resultata til å gi tilrådingar for betre økonomisk styring.
- Kommunisere økonomisk informasjon og analysar både munnleg og skriftleg på ein klar og strukturert måte.
- Bruke digitale verktøy og metodar som er relevante for økonomiske analysar og avgjerdsprosessar.
- Identifisere og vurdere risiko og konsekvensar knytte til økonomiske avgjerder i verksemder.
- Integrere etiske vurderingar og berekraftshensyn i vurderinga av økonomiske og administrative avgjerder.
Generell kompetanse
Etter fullført årsstudium i bedriftsøkonomi skal kandidaten:
- Syne medvit om eigne verdiar og korleis desse påverkar åtferd og avgjerder i ein bedriftskontekst.
- Demonstrere kritisk tenking, ansvar og etisk refleksjon i møte med økonomiske og administrative utfordringar.
- Forstå korleis økonomiske og organisatoriske problemstillingar blir påverka av ressursar, kontekst og verdisett.
- Ha evne til å samarbeide effektivt i team og på tvers av fagområde for å nå felles mål.
- Vere i stand til å bidra til verksemder si tilpassingsevne og innovasjon i eit dynamisk arbeidsmiljø.
Innhald
Årsstudiet i bedriftsøkonomi er eit fulltidsstudium som består av sentrale emne innan rekneskap, økonomistyring, finans, organisasjon, leiing og marknadsføring. Undervisninga blir gjennomført hovudsakleg på campus Haugesund, med enkelte digitale innslag eller samlingsbaserte element.
Studiet omfattar følgjande emne:
1. semester
- Danning og akademisk handverk
- Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap
- Organisasjon og leiing
- Investering og finansiering
2. semester
- Marknadsføring
- Finansrekneskap med analyse
- Økonomistyring
Valemne, der studentane kan velje mellom:
- Statistikk for økonomar
- Makroøkonomi
- Føretaksstrategi
Praksis
Ingen
Arbeidsformer
Vi tilbyr førelesingar, diskusjonar og seminar på campus Haugesund. Studentane arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper.
Vurderingsformer
Det blir nytta ulike vurderingsformer i dei enkelte emna. Sjå emnebeskrivingane for nøyaktig informasjon om kva type vurdering som er vald i kvart emne.
Internasjonalisering
Nei