Elkraftteknikk | Førde | y-veg

Bachelor

Vil du vere ein del av det viktige arbeidet med å sikre samfunnet elektrisitet i framtida? Vil du utvikle framtidas grøne energiløysingar? I Førde kan du bli elkraftingeniør gjennom den såkalla Y-vegen, og gå frå fagbrev til ingeniør på 3 år!

Kvifor studere elkraftteknikk?

Utan elektrisk straum stoppar store delar av samfunnet opp. Nye miljøkrav til berekraftig produksjon frå mellom anna vind og vatn, gjer kompetansen til elkraftingeniøren stadig meir relevant og etterspurt. 

Korleis kan vi sikre effektiv overføring og bruk av energi til samfunnet? Korleis drar vi nytte av fornybare energikjelder og utviklar energiløysingar som er berekraftige for framtida?

Elkraftingeniøren jobbar med eit spennande og framtidsretta fagfelt. Med denne utdanninga vil du bidra til at systema fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til private eller offentlege bygg, transport eller industri.

Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Studiet gir deg mellom anna kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system.

Du kan fordjupe deg innan:

  • energiproduksjon i vind- og vannkraftverk
  • høgspenningsteknologi
  • elektriske maskiner og omformarar
  • kraftelektronikk
  • lavspenningsinstallasjonar

Elkraftteknikk gjennom y-vegen kan du ta i Førde.

Kva er y-vegen?

I Førde kan du bli elkraftingeniør gjennom den såkalla y-vegen. Dette passar for deg som har yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev.

Du startar med eit mattekurs på 6 veker (måndag-fredag) sommaren før du begynner på utdanninga. Sommarkurset 2023 startar måndag 26. juni og har eksamen 4. august. Du tar fysikken første semesteret, og norsk i løpet av det første året. 

Ved å ta y-vegen blir du ingeniør på 3 år. 

Ønsker du å ta y-vegen, søker du direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak. 

Studentjobb i Førde

Få jobb mens du studerer! I Førde har du moglegheita til å få ein relevant deltidsjobb ved sida av studia. Les meir om studentjobb.

Studentjobb Førde

Ulike typar elektroingeniør

Elkraftteknikk er ein av spesialiseringane du kan velje som elektroingeniør. HVL har også tre andre spesialiseringar du kan velgje, om du vil bli elektroingeniør:

 

Vanessa Eide (34) har aldri angra på at ho valde å studere elkraft i Førde. I dag jobbar ho som systemingeniør i Linja AS på Sandane.

Korleis er undervisninga?

Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk.

Undervisninga vil starte opp i juni med sommarkurs i matematikk. 

Vanlege arbeidsformer er førelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid. Du tileignar deg kunnskap både i klasse, gjennom gruppearbeid og sjølvstudium.

Laboratorieoppgåvene kan omfatte målingar på komponentnivå og på systemnivå. Førelesningane føregår i all hovudsak på campus, men vil også supplerast med nettbasert innhald.

I emner som er felles for elkraftteknikk og automatisering med robotikk, vil studentane ha felles undervisning. Dei fleste tekniske spesialiseringsemna innan elkraftteknikk vil ha nettundervisning parallelt med undervisninga i Bergen.

Den avsluttande bacheloroppgåva på elkraftteknikk blir vanlegvis utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Fem glade studenter står arm i arm utenfor campus Stord. De har alle på seg blå hettejakke med høgskolen sin logo. De er studentambassadører og står klare til å ta imot nye studenter.

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 750 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald mot slutten av studietida.

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i elkraftteknikk kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like