ØKB3103 Finansielle instrumenter

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet vil vere ein gjennomgang av korleis moderne derivatmarknader fungerer og korleis ulike derivat kan brukast til styring av finansiell risiko. Ein legg stor vekt på moderne derivat-instrument ("forward", "futures" og opsjonar) og korleis desse kan nyttast i ymse sikringsstrategiar. Andre emne som blir dekte er kontinuerlige renter, "bootstrapping", "swaper", kredittderivat og prising av terminkontraktar, opsjonar og CDS-ar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • Kan gjere greie for forskjellen på terminkontraktar og futures.
  • Kan gjere greie for kjøpar/selgar posisjonar i futures og stengjing av desse, kontrakt spesifikasjon,  "mark-to-market" og marginkonto systemet, prinsippa for levering, konvergens, og dei ulike hovedtypane av aktørar som opererar i futuresmarknaden.
  • Kan gjere greie for ulike sikringsstrategiar som nyttar futures, kryss-sikring, sikring av ein eigenkapitalportefølje mha. indeksfutures og rullering av sikring.
  • Kan gjere greie for  prinsippa for fastsetjing av forward/futures prisar, "convenience yield" og "cost of carry".
  • Kan gjere greie for LIBOR marknaden og eurodollar futures, rentebytte avtaler  ("swaps") og FRA.
  • Kan gjere greie for  hovedidéane bak verdipapirifisering ("securitization") og moglege insentivproblem.
  • Kan gjere greie for  organiseringa av opsjonsmarknader og kva som karakteriserar ulike opsjonar.
  • Kan gjere greie for ulike opsjonsparitetar, "payoff" funksjonar, dei klassiske opsjonsstrategiane.
  • Kan gjere greie for prinsippet om risikonøytral verdsetting.
  • Kan gjere greie for delta-sikring av ein utstedt opsjon og også korleis dei andre "grekarane" uttrykker ulike risikodimensjonar relatert til opsjonsposisjonar.
  • Kan gjere greie for volatilitetssmil.
  • Kan gjere greie for kredittderivat og prinsippa for fastsetjing av "CDS-spread".

Ferdigheiter

Studenten :

  • Kan renterekning med kontinurlege renter; nåverdi, sluttverdi og internrente ("yield").
  • Kan berekne teoretisk verdi, "yield", durasjon, par "yield" og terminrenter (for kontinurlege renter).
  • Kan utføre "bootstrapping" for å estimere rentekurva.
  • Kan utforme sikringsstrategiar som nyttar terminar/futures, inkl. sikring av LIBOR-lån mha. eurodollar futures.
  • Kan berekne verdien av enkle rentebytte-avtalar og FRA-ar.
  • Kan formulere enkle arbitrasjeargument for terminar/futures.
  • Kan illustrere opsjonsstrategiar i kurs/gevinst diagram.
  • Kan berekne opsjonsprisar mha. binominale tre.
  • Kan berekne opsjonsprisar mha. Black-Scholes prisingsformel for ulike underliggjande (aksjar, aksjeindeksar, valuta og futures).
  • Kan nytte programvare og rekneark til å berekne opsjonsprisar.
  • Kan verdsette enkle CDS-ar.

Generell kompetanse

Studenten:

  • Har tilegna seg ein generell respekt for derivat.
  • Har tilegna seg ei forståing av at derivat er eit svært effektivt verktøy for tilverking av sikringsstrategiar, men også at dei kan medføre alvorleg risiko om ein nyttar dei feil.
  • Har tilegna seg ei overtyding om at derivat ein ikkje fullt ut skjønar bør ein halde seg unna.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

-

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveløysing.

Arbeidskrav

Ja, vert spesifiseret i semesterplan ved semesterstart

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar , 100%

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Høgskulens kalkulator (Texas TI 84) vert utdelt

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA103 (1) - Finansielle derivater - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB3019 (1) - Finansielle derivater - Reduksjon: 5 studiepoeng