ØKB3117 Vidaregåande Finansrekneskap

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kurset skal gi studentane ei fordjuping i dei mest sentrale utfordringane med innrekning, måling og presentasjon ved avslutning av årsrekneskapen i samsvar med god rekneskapsskikk. Hovudfokus vil vere å vidareutvikle innsikt i rekneskapslovgiving og god rekneskapsskikk med vekt på NRS standardane i samband med utarbeiding av årsrekneskapen. Fordjuping i enkelte emne som til dømes skatt, anleggskontraktar og leigde driftsmiddel, og innføring i konsernrekneskap.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten:

  • Har inngåande kunnskap om innrekning og måling av dei viktigaste rekneskapspostane og grunnleggande rekneskapsprinsipp
  • Har innsikt i rekneskapsreglene for små føretak
  • Kjenner til rekneskapsreglar for ideelle organisasjonar
  • Kjenner til dei mest sentrale forskjellane mellom rekneskaps- og skatteregler
  • Kjenner til regelverket for noter og årsberetning

Ferdigheiter:

Studenten:

  • Kan avslutte ein årsrekneskap, inklusiv skattepostar og resultatpostar, for AS
  • Kan utarbeide ein enkel konsernrekneskap

Generell kompetanse:

Studenten:

  • Kan sjå emnet i ein større samfunnssamanheng
  • Kan tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor og kunnskap om andre områder innan faget
  • Kan formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt og røynsler med andre fagpersonar

Krav til forkunnskapar

ØKB1111 Finansrekneskap med analyse  eller tilsvarande. Relevant realkompetanse kan vurderast.

Tilrådde forkunnskapar

ØKB2104 Investering og finansiering eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, oppgåveløysing i plenum og rettleiing i tilknyting til individuell eller gruppevis oppgåveløysing.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, 10 dagar, 30%

Skriftleg skoleeksamen, 4 timar, 70%

Begge delene må bestås

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1 Individuell heimeeksamen: Alle trykte og skrivne hjelpemidlar er tillatne

Del II Skriftleg eksamen; Alle kalkulatormodellar er tillate, Skattelovsamling, særtrykk av lovarhttps://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/

https://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØ6-2003 (1) - Årsregnskap i praksis - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØBR114 (1) - Regnskap fordypning - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SA008 (5) - Finansregnskapsproblemer - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SA008 (1) - Finansregnskapsproblemer - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB017 (1) - Finansregnskap med årsoppgjør - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB2017 (1) - Finansregnskap med årsoppgjør - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB2007 (1) - Finansregnskap med årsoppgjør - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB2007 (VÅR) - Finansregnskap med årsoppgjør - Reduksjon: 7,5 studiepoeng