Hopp til innhald

BVP5-206 Praksis og praksisrefleksjon

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet er to-delt, og inneheld 16 veker klientretta praksis og ein studiespesifikk del med etterfølgjande eksamen (refleksjon, teori og studentaktive læringsformer etter praksis). Emnet startar med praksis og vert avslutta med praksisrefleksjon. Studentane har praksisførebuingar i forkant av praksis med gjennomgang av ulike tema aktuelle for praksis, bla. rettleiingsteori, observasjon, rammer for praksis. Praksisrefleksjonen rettar fokus på erfaringar frå praksis knytt til relevante tema. Det vert knytt til etikk, juss, konflikthandtering og media. Studenten skal reflektere over erfaringar i praksis, eigen kunnskap ein har tileigna seg, samstundes som ein skal vere kritisk til eigen praksis.

Studenten kan søkje om plass på Global Knowledge; sjå eigen studiemodell for 4. og 5. semester.

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første studieåret må vere greidd. Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet BVP5-205 Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering og emnet BS5-201 Kommunalt barnevern

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, seminar, gruppearbeid, skriftleg og munnleg framlegging, individuelt studium og klientretta praksis. Eiga yrkesretta arbeid på praksisplass under rettleiing frå praksisfeltet og kontaktlærar ved høgskulen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk deltaking i:

  • Førebuing til praksis
  • Etterarbeid frå praksis
  • Undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening i praksisrefleksjon

Skriftlege arbeid i praksis:

  • Læreavtale
  • Sjølvvald pensum
  • Praksisoppgåve
  • Praksisrapport med evaluering av læreavtale

Skriftlege arbeid i praksisrefleksjon:

  • Refleksjonsoppgåve over erfaringar med si eiga rolle og samarbeidspartar i det tverrfaglege samarbeidet

Vurderingsform

Praksisrefleksjon: 4 timars skuleeksamen med bokstavkarakter

Vurdering av praksis: Praksisen vert vurdert som greidd / ikkje greidd

I praksis vert studenten vurdert på grunnlag av:

  • Krav til nærvær på praksisplassen
  • Praksisperioden er obligatorisk og fråvær vert berre godteke i samband med sjukdom. I praksisperioden er maksimumsgrensa for fråvær 10 dagar. Fråvær utover dette må avtalast med høgskulen og praksisplassen. Det må også avtalast når og på kva måte eit eventuelt fråvær over 10 dagar skal takast att. Dersom praksisopplæringa er delt i 2 periodar, må den første perioden vere fullført og godkjent før neste praksisperiode tek til.
  • Normer og reglar i arbeidslivet. Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse.

GODKJENNING
Praksisrettleiar tilrår praksis godkjent/ikkje godkjent. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Ved vurdering av praksis nyttast karakteren greidd/ikkje greidd.

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING
"Studenten har krav på vurdering underveis i praksisstudiene, og skal halvveis eller seinest 3 uker før avsluttet praksisperiode få skriftlig melding dersom det oppstår tvil om godkjenning. Meldingen skal angi hva studenten ikke mestrer, og hvilke krav som må oppfylles for å bestå praksisstudiene." "Studenten må ha bestått praksisstudiene for å kunne fortsette studiene.." (Utdrag frå Rammeplanen, fastsett 01.12.2005)

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som openbart ikkje gir grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få karakteren ikkje greidd sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gitt.