Hopp til innhald

LSU1 Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid 1

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Studenten skal gjere seg kjent med innhaldet i denne planen, og med dei utfyllande retningslinjene for praksisstudiet.

Dette er det første emnet i kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid. Emneplanen byggjer på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærerutdanning og emnet er ein obligatorisk del av bachelorstudiet barnehageutdanning. Det er lagt til tredje studieåret. Kunnskapsbasen byggjer i hovudsak på faga pedagogikk og samfunnsfag.

Det overordna målet for kunnskapsområdet er å styrke kompetansen til studenten på profesjonsfaglege tema som leiing, rettleiing, organisasjonskunnskap og samarbeidsprosessar i barnehagen. Innhaldet i kunnskapsområdet byggjer vidare på den kompetansen studenten har opparbeidd seg dei to første studieåra. Kunnskapsområdet tematiserer pedagogisk leiing i barnehagen og leiing av endrings og utviklingsprosessar i eit mangfaldig barnehagelandskap. Gjennom praksisarbeid skal studenten få erfaring med ulike arbeidsmåtar og reiskap som egnar seg til å utforme strategiar, setje i gang og leie utviklingsarbeid. I tillegg vert barnehagen som organisasjon og ulike samarbeidsprosessar i barnehagen arbeidd med i denne delen av studiet

Innhaldet i emnet er strukturert etter temaene:

  • Barnehagen som lærande organisasjon
  • Leiing og samarbeid
  • Barnehagen i samfunnet

Læringsutbytte

  • har kunnskap om pedagogisk leiing og rettleiing
  • har kunnskap om ulike perspektiv på organisasjonar
  • har kunnskap om leiing av endrings- og utviklingsprosessar og ulike teorier om leiing
  • har kunnskap om samarbeidsprosessar mellom barnehagen og interne/ eksterne aktørar

  • kan vise sjølvstende i å leie pedagogisk arbeid på ulike nivå
  • kan analysere barnehageorganisasjonen
  • kan ta i bruk metodar og verktøy i samband med endrings- og utviklingsprosessar
  • kan ta i bruk rettleiing i samband med utvikling av barnehagen
  • kan vise sjølvstende i å samarbeide med interne/ eksterne aktørar

  • kan leie pedagogisk arbeid som fører til utvikling av praksisen i barnehagen
  • er bevisst på korleis strukturelle og kulturelle tilhøve legg rammer for leiing av endrings- og utviklingsprosessar
  • kan vere i konstruktiv dialog med interne og eksterne aktørar

Undervisnings- og læringsformer

I kunnskapsområdet er det krav om at studenten deltek aktivt i ulike undervisnings- og læringsaktivitetar. Det er såleis obligatorisk studiedeltaking (minimum 80 prosent). Arbeidsmåtane vil variere frå førelesningar, arbeid i seminar og mindre grupper, praktiske prosjekt og rettleiing. I tillegg vert det forventa eigeninnsats knytt til delar av pensumlitteraturen.

Høgskulen nyttar elektronisk læringsplattform som studiestøttesystem, og det det er ein føresetnad at studentane brukar dette aktivt. Mange av studieaktivitetane og mykje av kunnskaps- og informasjonsutvekslinga skjer her. Studentane skal bruke studiestøttesystemet, aktuelle nettkjelder i emnet og aktivt bruke biblioteket ved høgskulen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.

  • Godkjent praksis
  • Godkjent grupperapport frå utviklingsarbeidet
  • Individuell skriftleg oppgåve knytt til delar av pensumlitteraturen
  • Studentane skal gjere organisasjonsanalyse i ein eller fleire barnehager. Munnleg presentasjon i klassen.

Arbeidskrava vert vurdert etter skalaen godkjent/ ikkje godkjent. Arbeidskravet må vere levert til fastsett innleveringsfrist for å bli vurdert. Dersom eit arbeidskrav vert vurdert til ikkje godkjent eller ikkje blir levert til fastsett frist, får studenten ein sjanse til ny innlevering same semester.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutter.

Studenten skriv to tekstar frå 1. og 2. studieåret (knytt til to av kunnskapsområda). Tekstane omhandlar studenten si utvikling som pedagogisk leiar. Overflyttingsstudentar skal ta utgangspunkt i praksisoppgåver dei har skrive første og andre studieåret.
I løpet av studiet i LSU lagar studenten ein samletekst som omhandlar studenten sin profesjonelle identitet. Denne teksten, i tillegg til pensumlitteratur og rapporten frå utviklingsarbeidet, vert grunnlaget for munnleg eksamen.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på høgskulens læringsplattform.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.