Hopp til innhald

MASA110 Vilkår for hverdagsliv og medborgerskap

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet tek utgangspunkt i døme frå empirisk forsking og teoretiske diskusjonar knytt til kvardagsliv og samhandlingspraksis, og korleis variasjonar i rom og stad vert relevant. Teoretiske omgrep og forståingsmodellar skapar ny kunnskap, og bidrar til å opne eller lukke forståing av ulike fenomen. Sivilsamfunnet er ei viktig ramme om arbeidsdeling, sosial organisering, frivillig aktivitet og mobilisering. Sosialt liv er mellom anna knytt til stad og tid, sosiale institusjonar, familie, religion, og etnisitet.

Vi lever våre liv på mange ulike arenaer, og dei fleste har tilgang til fleire sosiale arenaer enn dei dagleg nyttar seg av. Fleire kan reise meir og fleire reiser langt, både ved å reise til Noreg og ved å reise frå Noreg. Vi møter folk der vi reiser til, og vi møter nye folk her når dei reiser til Noreg, eller som følgje av innvandring. Nye teknologiske plattformar gjer det råd å kommunisere med lyd og bilete i sann tid over store avstandar. Kven eller kva som vert oppfatta som framand er historisk situert, på same vis som korleis vi forstår kven vi kan vera, kven dei andre kan vera, og kva vi kan vera for kvarandre . Dei draumar og utopiar ein har kvar for seg eller deler med fleire, har sitt å seie for korleis ein kan agere saman på tvers av skilnader.

Sentrale emne

  • Sosiale konstruksjonar og representasjonar
  • Nye sosiale rom og samhandling - translokalitet, virtuelle rom og ny kollektivitet

Idealisme og pragmatikk - utopiar som drivkraft?

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om moderne sosialteori, og kan bruka kunnskapen som teoretisk verktøy til forståing og analyse av kompleksitet i det sosiale livet
  • analyserar faglege problemstillingar med utgangspunkt i sosialteoretiske tradisjonar

Evner:
Studenten...

  • kan strukturera og formulera faglege argument til kritisk å granska kunnskapsgrunnlaga og praksisformene til velferdsstatens sine profesjonar og aktuell politisk diskurs
  • arbeider sjølvstendig med teoretisk problemløysing

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan analysera faglege problemstillingar, og formidla dette i tråd med fagområdets omgrep og uttrykksformer
  • bidrar til nytenking og innovasjon gjennom kjeldekritikk og gjennom å ta i bruk sosialteori på nye område

Krav til forkunnskapar

Emne MASA105 Introduksjon til sosialteori må vera godkjend før kandidaten kan framstille seg for eksamen i emne MASA110 Fordjuping i sosialteori

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Oppgåve i form av individuelt essay. Oppgåva skal vera på maksimalt 4500 ord med framside og litteraturliste. Pensumliste kjem i tillegg.

Vurderingsuttrykk
Karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.

Gjennomføring av ny eksamen
Studentane kan skriva om oppgåva, eller levere ny oppgåve til ny eksamen