Hopp til innhald

MS1-300 Brukaren i hjelpeapparatet

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet fokuserer på samhandling i hjelpeapparatet sett frå brukaren sitt perspektiv, og vil legge vekt på ulike perspektiv på mennesket, helse og sjukdom. Studentane skal få inngåande kunnskap om og forståing av korleis brukaren erfarer sjukdom, helse, sosiale vanskar og nedsett funksjonsevne. Kunnskap om brukarmedverknad og myndiggjering, samt familie, pårørande og det øvrige nettverket si betyding står her sentralt. Emnet rettar merksemda mot vanskar i ulike livfasar og overgangar, gjennom tema om barn og ungdom, eldre, og langvarig sjuke. I dette inngår kunnskap om normalitet og avvik.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har/kan studenten

  • identifisere og diskutere ulike perspektiv på helse, sjukdom, nedsett funksjonsevne og sosiale vanskar, og vurdere kva konsekvensar dette har for brukaren og hjelpeapparatet
  • identifisere og diskutere kva som kjenneteiknar brukaren sine behov i eit utviklings- og livsfaseperspektiv for å kunne utarbeide heilskaplege tiltak
  • kritisk reflektere over familie, pårørande og øvrige nettverk si betyding for brukaren, samt legge til rette for samarbeid med ressursane i nettverket
  • inngåande kunnskap om og kan analysere, kommunisere og mobilisere brukardeltaking og myndigheit i lys av heilskaplege tenester
  • inngåande kunnskap om samanhengen mellom fysisk aktivitet og livsstilssjukdommar

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, sjølvstudium. Erfaringsutveksling i fleirfaglege grupper. Seminar med framlegg av studentarbeid, opposisjon og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Skriftleg gruppeoppgåve med framlegg, opposisjon og diskusjon i plenum.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen over ei veke, basert på caseoppgåve. Omfang 2500 ord +\- 10%.

Gradert karakter A -F