MS1-301 Vitskapsteori
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet tek utgangspunkt i vitskapsteori som systematiske studiar av og systematisk refleksjon over vitskapleg verksemd og vitskapleg kunnskap. Ein måte å definere vitskap på er å seie at det er ein type systematisk og sosialt organisert søking etter, produksjon av, samt forvaltning og kommunikasjon av kunnskap og innsikt. Sentrale spørsmål som blir omhandla i dette emnet er kva vitskapleg kunnskap er, og kva som eventuelt skil slik kunnskap frå andre former for kunnskap. I dette inngår spørsmålet om det er vesentlege ulikskapar mellom vitskapleg kunnskap og kunnskap i dagleglivet eller i kvardagskunnskap, og om det finst fundamentale ulikskapar mellom ulike faggrupper, til dømes naturvitskapar og humanvitskapar. Emnet vektlegg at vitskapsteoretisk analyse og refleksjon krev ei evne til å ta eit steg attende og tenkje over sitt eige fag frå andre faglege perspektiv. Emnet inneheld også skriveseminar med vekt på informasjonskompetanse, kritisk vurdering av artiklar, skriving samt framstilling og formidling av akademisk tekst.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne har /kan studenten
- inngåande kunnskap om ulike vitskapsteoretiske posisjonar og omgrep
- inngåande kunnskap om og kritisk kunne reflektere over samt drøfte viktige vitskapsteoretiske problem i eige fagfelt
- analysere og halde seg kritisk til ulike metodologiske debattar
- systematisk og kritisk reflektere over grensene for eigen kompetanse og eige fag
- vise innsikt i formidling og forståing av akademisk tekst
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, sjølvstudium. Skriveseminar. Individuelt skriftleg arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på skriveseminar. Seminar med framlegg og diskusjon kring vitskapsteoretiske spørsmål.
Vurderingsform
Individuell skriftleg oppgåve kring eit sentralt vitskapsteoretisk spørsmål. Omfang 2000 ord +/- 10%. Gradert karakter A-F