Hopp til innhald

PR141 Rettleiing 2 for pedagogar i barnehagen

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

 

 

Ulike og nyare teoriar og metodar i rettleiing

Kommunikasjon, relasjon og samspel

Etiske dilemma og makttilhøve

Lærande organisasjonar

Perspektiv knytt til endring av eiga yrkesrolle og utvikling av profesjonelle læringsfellesskap

Forsking knytt til rettleiing i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv

Læringsutbytte

 

 

Etter avslutta studium skal studenten:

 

kunnskap

 

ulike rettleiingstradisjonar og forståing for korleis ulike perspektiv på læring har følgjer for rettleiinga til studentar

korleis vi kan inkludere studentar i eit kritisk reflekterande fellesskap

etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i barnehagelæraryrket

rettleiing som grunnlag for læring i barnehagen

sentrale trekk i kommunikasjonen i ei rettleiande samtale

 

Ferdigheiter

 

bruke relevante rettleiingsmetodar på ein måte som fremjar refleksjon, læring og mestringskompetanse hos studenten

nytte forskingsbasert kunnskap om barnehage i rettleiingssamanheng

legitimere planar, gjennomføring og analysar i rettleiingssamanheng ut frå relevante faglege og teoretiske perspektiv

 

Generell kompetanse

 

kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage

ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytt til rettleiingsfeltet

kunne utveksle synspunkt og erfaringar med bakgrunn i fagområdet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis

kjenne til nytenking og innovasjonsprosessar innan rettleiing av studentar

Krav til forkunnskapar

 

 

Fullført barnehagelærarutdanning og gjennomført Rettleiing- og mentorutdanning 1 (15 sp) eller Rettleiing, innføring (15 sp).

Undervisnings- og læringsformer

 

 

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer, og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet vektlegg bruk og vidareutvikling av ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og kunnskapar som er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi. Emnet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå i barnehagen. Det er til saman tre todagarssamlingar på høgskulen. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som førelesing, øvingar på rettleiing i grupper, obligatoriske studentframlegg og plenumsdiskusjonar.

Mellom samlingane vil det vere rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.

 

Undervegsvurdering

Vurdering er ein sentral del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå lærarane på studiet og medstudentar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene.

Obligatorisk læringsaktivitet

 

 

obligatorisk deltaking på tre todagarssamlingar

deltaking på tre samlingar i nettverksgrupper

innlevering av dokumentasjon i form av ei oppgåve basert på eit pedagogisk utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass. Arbeidskravet er eit første steg mot avsluttande eksamen. Oppgåva skal munne ut i ei problemstilling som skal arbeidast vidare med i den endelege eksamensoppgåva (sjå punktet Vurdering og eksamen). Studenten får rettleiing på oppgåva av faglærar frå høgskulen og får tilbakemeldingar frå medstudentar. Oppgåva skal vere på maksimum 2250 ord

analyse og refleksjon av fire videoopptak knytt til eiga rettleiing

Vurderingsform

 

 

PR141- SV-SK: Individuell skriftleg heimeeksamen over 10 dagar på minimum 3000 ord, maksimum 3500 ord. Oppgåva er ein metatekst basert på oppgåveteksten som er innlevert i studiet (sjå arbeidskrav, kulepunkt tre). Det vert synt til gjeldande eksamensreglement ved HiSF. Vekting: 60%

 

PR141-SV- MU: Munnleg eksamen i nettverksgruppene med utgangspunkt i videoopptak av eigen praksis. Vekting: 40%. Gruppa får ein samla karakter.