YFL806 Industri 4.0 og 21st Century skills for TIP, BA og EL
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Framskrivingar viser at det vil bli behov for ny kompetanse i norsk og internasjonalt næringsliv i åra framover, knytt til 21st Century skills og Industi 4.0, EU og CEDEFOP (Europeisk senter for yrkesutdanningar) publiserte i desember 2016 forskingsrapporten Future skill needs in Europe: critical labour force. Rapporten trekker fram behovet for å erstatta arbeidsfolk som går av ved naturleg avgang med ny og betre kvalifisert arbeidskraft, og at behovet for ufaglært arbeidskraft vil synka. HVL vil utvikle eit vidareutdanningstilbod på 15 sp som kan vidareutvikla yrkesfaglærarar sin didaktiske kompetanse retta mot framtidig kompetansebehov. Tilbodet tar utgangspunkt i næringslivet sine signal for framtidas kompetansebehov. Lærarane som skal undervisa i programfag og YFF må ha kunnskap om framtidas kompetansebehov for at ungdommane som fullfører ei yrkesfagleg utdanning skal tileigne seg desse. Det naudsynt at elevane får medverka i alle delar av undervisinga for å utvikla eigne læringsstrategiar.
Gjennom føredrag frå næringslivet om framtidas kompetansebehov skal studentane prøve ut og vurdera eigen undervising. Kunnskap om framtidas kompetansebehov skal gi studentane betre grunnlag for grunngjevne val av innhald og arbeidsmåtar i interessedifferensiert, relevant, framtidsretta og meiningsfull opplæring for yrkesfagelevar. Eksamensforma skal sikra deling av kompetanse. Studentane skal sitje att med auka kunnskap om yrkesfaga si utvikling og behov for kompetanse, og korleis eiga undervising kan leggja til rette for innovasjon og nyskaping og at elevane blir bevisst eigne læringsstrategiar.
Læringsutbytte
Studenten skal ha kunnskap om:
- 21st Century skills og Industri 4.0
- Oppdatert og forståeleg fagspråk for yrka i eige utdanningsprogram
- Overføringsverdien av didaktisk arbeid på samlingane til undervising i eigen klasse
- Kunne forklare faga i utdanningsprogrammet sin funksjon og plass i samfunnet i dag
- Skissere korleis yrka i eige utdanningsprogram kan tenkast å utvikle seg fram mot 2030
Studenten skal ha ferdigheiter i å:
- Planleggje, utføra, vurdere og dokumentera undervising innanfor eige utdanningsprogram med høg grad av elevmedverknad
- Planleggje, utføra, vurdere og dokumentera undervising innanfor eige utdanningsprogram med fokus på framtidig kompetansebehov
- Nytta kunnskap om 21st Century skills og Industri 4.0 i eiga undervising
- Vurdera kvalitet på eiga undervising i høve framtidig kompetansebehov og elevmedverknad
Studenten skal ha generell kompetanse i å:
- Eksemplifisera framtidas kompetansebehov innanfor eige utdanningsprogram knytt til elevane sine ulike interesseområde
- Kunne forklare behovet for ulike nøkkelkompetansar innan yrka i eige utdanningsprogram
- Vurdere kva læringsstrategiar som er relevante for elevar med ulike utdanningsplanar og læringsbehov
- Analysere, grunngje og vurdere didaktiske val i undervisinga knytt til 21st Century skills og Industri 4.0 i eiga undervising
Krav til forkunnskapar
Fullført grunnutdanning som lærar (PPU, 3-årig yrkesfaglærarutdanning). Søkjarar må vere tilsett i og ha undervisningspraksis i vidaregåande opplæring.
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er samlingsbasert, og det er lagt opp til tre fellessamlingar som går over to dagar og
nettbaserte rettleiingsaktivitar. Emnet knyttast til HVL sine yrkesfagmiljø på tvers av campusar.
Campus Stord har tett samarbeid med næringslivet på Haugalandet, og vi er i dialog med
næringslivet der om eit samarbeid om studiet. Studentane må slik sett rekna med at det kan bli
arrangert undervisingssamling på Haugalandet, eventuelt også i Nordfjord, der eit aktivt næringsliv er
aktuelt å involvera i studiet.
Obligatorisk læringsaktivitet
1. Obligatorisk deltaking på fellessamlingane
2. Gjennomført tre arbeidskrav
Arbeidskrava er obligatoriske og må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille
seg til eksamen.
Vurderingsform
Presentasjon for kollegaer på eigen arbeidsplass.: Studenten skal dele erfaring og refleksjon frå
studiet om korleis ny kunnskap og erfaring kan nyttast i undervisningspraksis.
Karakter: Greidd/ikkje greidd.