Hopp til innhald

MASPED3-302 Vitskapsteori og metode

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet består av tre ulike komponentar:

  • Vitskapsteori og design: Denne delen tek for seg ulike filosofiske spørsmål som er relevante for vitskapleg arbeid og ulike typar forskingsdesign.
  • Metodologi og metode: I denne delen blir det lagt vekt på å få fram kunnskap om kva ulike vitskapelege metodologiar har felles, i tillegg til ei innføring i kvantitative og kvalitative metodar.
  • Oppgåveseminar: Denne delen inneheld eit obligatorisk seminar der studentane skal legge fram og delta i drøftinga av eige og andre sine oppgåveframlegg. Som ein del av seminaret skal studentane lese artiklar i ulike sjangrar og reflektere over korleis truverdet blir skapt i vitskapleg arbeid. Seminaret er med og dannar grunnlag for prosjektplanen til masteroppgåva.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • vitskaplege teoriar og metodar i det spesialpedagogiske fagfeltet
  • sentrale diskursar og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofie

Ferdigheiter

Studenten

  • analysere og vurdere relevans i vitskaplege artiklar
  • utarbeide og grunngje design for eit forskingsprosjekt
  • bruke ulike kvantitative og kvalitative analyseverktøy

Generell kompetanse

Studenten

  • vurdering av grunnleggande forskingsetiske utfordringar 
  • kritisk vurdering og drøfting av ulike vitskapsteoretiske retningar og syn

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over dei som følgjer av opptak

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil variere mellom førelesingar, seminar, arbeid med kasus og ulike artiklar. Det vert gitt rettleiing på litteraturreview og prosjektplan, både i gruppe og individuelt. Vi føreset at studentane deltek aktivt og sjølvstendig i alle undervisningsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking på oppgåveseminar
  • Pilotutprøving av minst eitt kvantitativt og eitt kvalitativt metodeinstrument
  • Munnleg framlegging for medstudentar og fagansvarleg
  • Innlevering av prosjektplan for godkjenning

Vurderingsform

Individuell skriftleg oppgåve. Litteraturstudie knytt til fagfeltet. Eit utval på ti artiklar (nasjonale og internasjonale) som utgjer ein review av sentrale kjelder til eige framtidig masteroppgåveprosjekt. Vekting 30%.

Individuell skriftleg heimeeksamen, 10 dagar. Vekting 70 %.