Hopp til innhald

PPUA304 Praksis 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studenten skal i dette praksisemnet vidareutvikle ein fagleg-, didaktisk-, sosial-, endrings-, utviklings- og yrkesetisk kompetanse. I tillegg er det viktig at studentane utviklar ein sjølvstendig identitet i lærerrolla og kompetanse for læringsleiing.

Hovudtema i det første praksisemnet vidareførast, men i tillegg vil den praktiske sida ved det å jobbe i skulen som organisasjon vere viktig. Det skal vere tett kopling mellom det studenten møter i pedagogikk og fagdidaktikk på studiestaden og det dei opplever i praksis.

Praksisopplæringa skal være rettleia, vurdert og variert og har et omfang på 30 arbeidsdagar.

Studentane skal i praksisen sin gjennomføre observasjonar, og ha eit sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisninga. Dei skal og delta i møte- og samarbeidstid samt i faglig utviklingsarbeid ved skulen.

Studenten har ansvar for å dokumentere innhaldet i praksisopplæringa. Dokumentasjonsforma vært spesifisert i studieheftet frå studiestaden              

Studenten, praksislærar og profesjonsrettleiar skal ha fleire møtepunkt i løpet av studenten sin praksis. Møta kan gå føre seg som nettmøter, praksisrettleiing på praksisstaden m.m. Ei nærare forklaring av korleis praksis vert gjennomført vert å finna i studieheftet frå studiestaden

Læringsutbytte

Alle læringsutbytta frå rammeplanen og dei nasjonale retningslinene vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan samhandle med elever, føresette, kollegaer og andre interne og eksterne aktørar
  • kan ta ansvar for å utvikle og leie inkluderende, kreative, trygge og helsefremmande læringsmiljø
  • kan bidra til endringsprosessar og samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenkning i skulen og involvere lokalt samfunns-, arbeids- og kulturliv i opplæringa

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten skal gjennomføre observasjonar, ha ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning og vurdering i samarbeid med praksisrettleiar. Nærare forklaringar knytt til gjennomføring av praksis vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har to arbeidskrav felles for alle studiestader.

  1. Studenten skal saman med praksislærar utarbeide ein plan for praksis
  2. Studenten skal dokumentere innhaldet i praksis i form av ein avsluttande praksisrapport.

Desse og arbeidskrav utover dette vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.

Vurderingsform

Praksis vert vurdert som bestått/ikkje bestått.