PRAKSB1001 Praksisstudiar med fokus på grunnleggjande behov
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet vektlegg kunnskap om grunnleggjande behov og sjukepleie til eldre og hjelpetrengjande. Eit sentralt fokusområde er innlæring av praktisk dugleik. Det blir lagt vekt på refleksjon og kunnskap om pasienten sin oppleving av situasjonen sin.
Praktisk informasjon
- Studenten må vere førebudd på å gjennomføre praksis i distriktet (praksisplassar HVL har avtaler med).
- Praksisstad/student lager turnus på 240 timer, jamt fordelt over 8 veker.
- I praksis skal studenten ha fokus på klinisk arbeid i direkte kontakt med pasientar og pårørande.
- Turnusen blir godkjent av lærar og studentansvarleg-/kontaktsjukepleiar på praksisstad i veke 1 eller 2.
- Studenten skal i størst mogleg grad følgje kontaktsjukepleiar sin turnus.
- Studenten skal gå dag, kveld, helg og natt (der det er mogleg).
- Vegleiingsgruppe med lærar er obligatorisk og blir rekna som praksis.
- Fråvær over 10 %, uansett årsak, gir ikkje bestått praksis.
- Dersom sjukdom eller andre forhold studenten ikkje rår over fører til fråvær utover lovleg fråvær (10%), må skjema og legeattest (eller annan gyldig dokumentasjon) leverast studieadministrasjonen seinast 3 virkedager utover lovleg fråvær, dersom praksisforsøket ikkje skal bli rekna som eit forsøk.
- Skifte av vakt utan godkjenning frå sjukepleiar eller lærar blir rekna som fråvær.
- Studenten har ansvar for å rapportere fråvær til avdelinga.
- Det blir gjennomført obligatoriske start-, midt- og sluttsamtaler i alle 8 veker sine praksisperiodar. Midt- og sluttsamtaler blir gjennomført med utgangspunkt i AssCE-skjema.
- Studenten må få sine obligatoriske oppgåver godkjent av lærar for å få bestått praksisperiode.
- Ved ikkje bestått/ikkje fullført praksis må studenten på nytt gjennomføre ein heil praksisperiode med tilhøyrande oppgåver. Dette gjeld uavhengig årsak for ikkje bestått/ikkje fullført praksis.
For meir informasjon blir studenten, kontaktsjukepleiar og studentansvarleg vist til Læreplan for praktiske studier.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten:
- Har kunnskap om det å møte og samarbeide med pasientar og pårørande.
- Har kunnskap om ivaretaking av grunnleggjande behov.
- Har grunnleggande kunnskap om ernæringsfysiologi, mikrobiologi og hygiene.
- Har kunnskap om kroppen sin normale oppbygging og funksjon (anatomi og fysiologi).
- Har kunnskap om samanhengen mellom svikt i kroppen sin funksjonsevne og behov for sjukepleie.
- Har kunnskap om relevante kommunikasjonsformer, spesielt kommunikasjon som fremjar brukarmedverknad og samhandling med pasientar og deira pårørande.
- Har kunnskap om sjukepleieprosessen som metode i utøving av sjukepleie til pasientar som bur på sjukeheim eller som har andre kommunale tilbod.
- Har kunnskap om riktige arbeidsteknikkar, spesielt forflytningsteknikk.
- Har kunnskap om aktuelle førebuingar, undersøkingar og sjukepleieprosedyrar knytt til grunnleggjande sjukepleie.
- Har kjennskap til kven som har ansvar for ulike arbeidsområde på praksisstaden.
- Har kunnskap om aktuelle retningsliner; inklusiv etiske retningsliner og prinsipp samt forskrifter og lovverk.
Dugleik:
Studenten:
- Nyttar målretta kommunikasjon verbalt og non-verbalt i møte med pasientar, pårørande og medarbeidarar.
- Nyttar relevante prinsipp for informasjon, vegleiing og undervising inklusive den didaktiske relasjonsmodellen til pasientar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar.
- Identifiserer, vurderer, prioriterer, planlegg, utfører, følgjer opp, rapporterer og dokumenterer pasienten/brukaren sitt behov for sjukepleie, for å dekkje grunnleggjande behov. Dette blir utført i samråd med pasienten, pårørande og andre medarbeidarar.
- Kartlegg pasienten sine ressursar og avgrensingar i forhold til grunnleggjande behov.
- Kan identifisere kroppen sine normale reaksjonar på indre og ytre påverknad.
- Nyttar relevante kartleggingsverktøy.
- Brukar kunnskap i mikrobiologi og tar i vare hygieniske prinsipp.
- Handterar utstyr og hjelpemidlar med tryggleik.
- Utfører riktige arbeidsteknikkar inklusiv forflyttingsteknikk.
- Arbeider systematisk og tilpasser arbeidstempoet etter tildelte arbeidsoppgåver.
- Samarbeider med pårørande og bruker deira kunnskap og ressursar som bidrag til eit meiningsfylt og aktivt miljø på sjukeheimen.
- Arbeider tverrfagleg, samarbeider med eigen og andre yrkesgrupper om arbeidsoppgåver.
- Førebyggjer komplikasjonar og ivaretar pasienten sin tryggleik i tråd med oppdatert kunnskap.
- Ivaretar pasienten sin autonomi og integritet i samsvar med etiske og juridiske retningsliner.
- Nyttar kunnskap frå pensum, forsking og utviklingsarbeid i sjukepleieutøvinga.
- Reflekterer over eigen faglege utøvingar og justerer denne under vegleiing.
- Er kjent med og følgjer retningsliner i avdelinga.
Generell kompetanse:
Studenten:
- Viser innsikt i betydinga av kommunikasjonen for å fremje tillit og sikre tryggleik hos pasientar og deira pårørande.
- Viser sjølvstende, nøyaktigheit og fagleg forsvarlegheit i utføring av grunnleggjande sjukepleie, til dømes ved utøving av sjukepleieprosedyrar, handtering av legemidlar og ved undersøkingar og behandling.
- Overheld teieplikta, og praktiserer i samsvar med faglege, etiske og juridiske retningsliner.
- Viser respekt, forståing og nestekjærleik og tar andre menneske sin situasjon og oppleving alvorleg, uavhengig av kultur, religion og røyndomsoppfatning.
- Viser ansvar for eigen læring og tar initiativ til å utnytte læresituasjonar, og bruker vegleiing aktivt og konstruktivt.
- Viser evne til kritisk refleksjon over eigen evne til å utøve sjukepleie til pasientar/brukarar på sjukeheim eller liknande butilbod.
Krav til forkunnskapar
Godkjente arbeidskrav i 1. semester knytt til SYKSB 1021 og SYKSB 1031.
Tilrådde forkunnskapar
SYKSB1021 Sykepleie ved grunnleggende behov og SYKSB1031 Anatomi/fysiologi m.fl.eller
SYKSB1005:Anatomi/fysiologi/mikrobiologi/hygiene og SYKSB1006: Sjukepleie ved grunnleggjande behov.
Undervisnings- og læringsformer
Integrering av teori og praksis, rettleiing og refleksjon, gruppearbeid, rettleia praksis/studentoppfølging, demonstrasjonar, skriftlege obligatoriske oppgåver/arbeid og digitale innleveringar, munnleg framstilling, prosjektarbeid, medstudentrespons, dugleikstrening, refleksjonsnotat, sjølvevaluering, seminar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjend arbeidskrav knytt til obligatoriske dagar med introduksjon til praksis 1.semester
Vurderingsform
Praksis