Hopp til innhald

MASA305 Samfunnsvitskapleg vitskaptsteori

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Vitskapsteori og vitskapsfilosofi er å studera vitskapelig aktivitet og kunnskap frå utsida for å undersøkje kva for føresetnader dei er grunna på. Emnet vil tematisere samfunnsvitskapane sine føresetnader og vilkår for vitskapelig kunnskapsproduksjon med særleg relevans for samfunnsabreid.

Samfunnsvitskapeleg vitskapsteori er eit sentralt element for å forstå røyndom, kunnskap, verdiar, val og handling. Emnet tek for seg kulturelle perspektiv på vitskapsteori; korleis kan me forstå oss sjølve i høve til andre, korleis kan me forstå andre, korleis er tilhøvet mellom kultur og samfunn, og korleis kan me forstå handlingsval. Korleis kan me forstå eigen posisjon som forskar og våre eigene erfaringar? Korleis kan me undersøkje på kva måte tid, stad og rom bidreg til å skapa vilkår for handling og kunnskapsproduksjon? Ulike kunnskapstradisjonar, former for forståing og forklaring vert tematisert. Emnet legg til grunn at sosialt liv er eit dynamisk utgangpunkt for forsking, kunnskapsutvikling og handling. Emnet vil vise korleis det er naudsynt å ha eit kritisk tilhøve til eigne røynsler for å kunne utforme gode forskingsprosjekt. Emnet skal gje inngåande kunnskap om korleis forsking kan tilsikta eller utilsikta verknad på det som vert studert.

Sentrale tema:

  • Vitskap som skapt viten
  • Metodologi, epistemologi og ontologi
  • Ulike kunnskapstradisjonar
  • Forståing og forklaring
  • Analytisk tenking og akademisk argumentasjon
  • Kulturelle perspektiv og historisitet
  • Menneskesyn og kroppssubjekt
  • Forskaren som subjekt i forskingsprosessen

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har inngåande kunnskap om dei grunnleggande vilkåra for å utforma fruktbare forskingsspørsmål
  • har kunnskap om ulike kunnskapstradisjonar, former for forklaring og forståing, og kunne gjera greie for på kva måtar dette er relevant for forsking i samfunnsarbeid
  • har inngåande kjennskap til dei strukturelle og sosiokulturelle vilkåra for kunnskapsproduksjon generelt, og for kunnskapsproduksjon i samfunnsabreid spesielt

Evner: Studenten...

  • kan framføra godt strukturerte og formulerte faglege argument i munnleg og skriftleg form
  • kan greia ut om og grunngje vitskapsteoretiske utfordringar knytt til eiga rolle som forskar i ulike forskingsfelt og i høve til andre aktørar i feltet
  • kan halde seg kritisk til eigen ståstad, men og kunne bruke sine eigne erfaringar som kjelde til kunnskapsutvikling

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan bruke, formidla og kommunisera ei kritisk forståing av samfunnsvitskapane sine vitskapsteoretiske grunnlag i vid forstand
  • kan analysera og reflektere over tilhøvet mellom teoretiske utgangspunkt, vitskaplege spørsmål, empiriske funn og nye kunnskapsframlegg

Krav til forkunnskapar

Studierett Master i samfunnsarbeid - HVL - Bergen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning er i andre semester. Forelesing, artikkelseminar, framlegg, få og gi kommentarar på eige og medstudentar sitt arbeid, delta i diskusjonar, gruppearbeid, utarbeide og bruke gruppekontrakt, levere arbeidskrav på itslearning. Prosessorientert skriving, levere essay/eksamensoppgåver til rettleiing, bidra med kommentarar på medstudentar sine essays

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Eksamen Skriftleg heimeeksamen i gruppe. Eksamensoppgåva er på maksimalt 6500 ord inkludert framside og litteraturlister.

Kvart gruppemedlem må sjølv ta ansvar og aktivt bidra for å kunne setje sitt kandidatnummer på eksamensoppgåva. Studentar som ikkje har bidrege får ikkje levere til ordinær eksamen. Dette tel som ein av moglege framstillingar til eksamen. Studentar som følgje av manglande bidrag til gruppearbeidet ikkje har rett til å levere til ordinær eksamen må vente til ny/utsett eksamen vert halden. Eksamensgrupper skal utarbeide gruppekontrakt der dette er nedskrive. Kopi av gruppekontrakt skal leverast til emneansvarleg når tema for eksamensoppgåva er godkjend.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.

Ny eksamen Gruppa må bearbeia oppgåva til ny eksamen.