Hopp til innhald

YFL805 Vurdering for læring i yrkesfaga 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studiet rettar seg mot yrkesfaglærarar, og føremålet er å auke studentane si forståing for og innsikt i yrkesfaglæraren si rolle som klasseleiar i verkstad og klasserom og vidareutvikle vurderingskompetansen til studentane. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Samstundes er det eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og innovasjon på skulen til deltakarane.

Hovudfokus er retta mot forståing av klassen som sosial og pedagogisk eining og korleis leie lærings- og vurderingsaktivitetar som fremjar elevane si læring og eit godt læringsmiljø. Studiet tek omsyn til fagfornyinga og tematiserer denne som del av studiet. Studiet byggjer på avslutta emne Vurdering for læring i yrkesfaga 1.  

  • Ulike perspektiv på klasseleiing og leiarrolla gjennom relasjonsbygging og organisering av lærings og vurderingsaktivitetar
  • Tilrettelegging for og leiing av læring og vurderingsaktivitetar
  • Fagspesifikke (yrkesfaglege) utfordringar knytt til vurdering
  • Arbeid med mål på ulike nivå, kriterium og innverknad på vurderingsarbeidet
  • Utvikling av vurderingskultur i skulen

Studiet har tre fellessamlingar og mellomliggjande arbeid på eigen skule.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  •  har kunnskap om ulike perspektiv på klasseleiing og læringsleiing
  •  har kunnskap om lærings og vurderingsdialogar og korleis leggje til rette for dette i  klasserommet
  •  har kunnskap om relasjon, kommunikasjon og gruppedynamikk
  •  har kunnskap om elevmedverknad, læring og vurdering

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan analysere og bruke nyare forsking og litteratur om samanhengar mellom klasseleiing og elevane si læring
  • kan leie yrkesfagklassar og byggje læringsmiljø som legg grunnlag arbeid med formativ vurdering
  • kan analysere, vurdere og justere eigen pedagogisk praksis som klasseleiar

Generell kompetanse

Studenten 

  •  kan sjå samanhengar mellom vurdering og klasseleiing
  •  kan vere nytenkjande og innovativ og kunne dele kunnskap om klasseleiing og vurdering  med kollegaer på eigen arbeidsplass
  • kan bidra til å vidareutvikle vurderingskultur på eigen arbeidsplass

Krav til forkunnskapar

Fullført yrkesfaglærarutdanning. Søkjarar må vere tilsett i og ha undervisningspraksis i yrkesfagleg vidaregåande opplæring. 

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer, og studentane må rekne med høg deltakartaktivitet. Studiet fokuserer på bruk og vidareutvikling av dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og på kunnskap om nyare litteratur og forsking om kva som fremjar eit godt læringsmiljø. Studentane blir organisert i lokale nettverksgrupper der m.a. observasjon blir brukt som utgangspunkt for refleksjon og drøfting av praksis. Video og andre digitale verktøy blir nytta.

HVL nyttar Canvas som lærings og undervisningsplattform i studiet.

Obligatorisk læringsaktivitet

1. Obligatorisk deltaking på fellessamlingane

2. Tre individuelle digitale dokumentasjonar av utprøving og gjennomføring av tema i utdanninga

3. Delta i tre samlingar i lokale nettverksgrupper

Arbeidskrava er obligatoriske arbeid som må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen i gruppe med utgangspunkt i dokumentasjon av eiga utprøving. Presentasjonen blir gjennomført for kollegaer på eigen eller medstudentar sin arbeidsplass.

Karakter:Greidd/ikkje greidd.