Hopp til innhald

HYD800 Innføring i hydrogen

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar grunnleggande tema innanfor hydrogenteknologi og kan delast opp i seks bolkar:

  • Grunnleggande om hydrogen: Her vil ein sjå på kva ein gass er og kva eigenskapar hydrogen har som gjer det aktuelt som ein energiberar.
  • Bruk av hydrogen: Dei ulike formane for brenselceller vil bli gjennomgått, inkludert motorar og teknologiane som brukast saman med hydrogen. I tillegg vil ein sjå på forskjellane mellom maritim og landbasert bruk.
  • Hydrogenproduksjon: Hydrogen kan produserast med både fornybare og ikkje-fornybare kjelder. Dei ulike alternativa vil bli gjennomgått og satt opp mot kvarandre.
  • Hydrogenlagring: Hydrogen kan lagrast på ulike måtar, som for eksempel flytande, i gassform eller metallhydrid. Dei ulike alternativa vil bli introdusert og vurdert opp mot kvarandre.
  • Farane med hydrogen: Ein vil sjå på kvifor hydrogen blir sett på som så farleg (brann og eksplosjonsfare) og kva ein kan gjera for å handtera det på ein trygg måte.
  • Lover og reglar for hydrogen: Hydrogenindustrien er relativt ny og regelverka er framleis under utvikling. Det blir ein gjennomgang av kva lover og reglar som gjeld for dei ulike sektorane, og godkjenningsorgana som vert nytta i Noreg.  

Fagleg overlapping

  • HYD801 - Hydrogenteknologi I - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • HYD802 - Hydrogenteknologi II - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • MAS307 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng