Hopp til innhald

HYD801 Hydrogenteknologi I

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Konkrete tema som dette kurset vil ta for seg:

  • Grunnleggjande om hydrogen:

Ein grunnleggjande definisjon på kva ein gass er, og spesielle eigenskapar til gassar.  Det vil deretter bli gitt ein innføring i hydrogenets eigenskapar, og kva former den kan ha (væske, gass).

  • Bruk av hydrogen:

Temaet går inn på kva som er så "spesielt" med hydrogen. Det vil bli gjennomgått ulike mål for energitettleik, og diskusjonar kring ulike formar for energi og korleis hydrogen kan samanliknast med desse.

  • Hydrogenproduksjon:

Hydrogen kan produserast på fleire måtar. Desse vert gjennomgått og vurdert mot kvarandre med tanke på miljø, kostnadar og berekraft.

  • Hydrogenlagring:

Lagring av hydrogen kan gjerast på mange måtar. Dei ulike måtane blir skildra, og vurdert opp mot kvarandre utifrå eit teknologisk og tryggleiks-perspektiv.  

  • Bruk av hydrogen på land og i maritim sektor:

Hydrogen kan endrast til energi på mange måtar. Desse vil bli skildra med døme som brenselceller, motorar og turbinar. Det er ulike utfordringar knytt til bruk på land / i maritim sektor,  og desse vil bli gjennomgått.

  • Helse, miljø og tryggleik knytt til arbeid med hydrogen:

Sidan det er store farar knytt til bruk av hydrogen, er det å kunna arbeide med hydrogen på ein sikker måte ekstremt viktig. Generell HMS rundt hydrogen vil bli gjennomgått, og meir avanserte døme vil bli diskutert.  Praktiske døme på hydrogenbrannar og -eksplosjonar vert nytta for å få betre innsikt i korleis ulykker kan verte unngått.

  • Lover og reglar knytt til arbeid med hydrogen:

Sidan hydrogen kan vere svært skadeleg er bruken strengt regulert. Det vil bli gitt ein innføring i korleis man stillar seg til lover og reglar på lab og dersom man ønsker å bruka hydrogen i kommersiell samanheng. 

Fagleg overlapping

  • HYD800 - Innføring i hydrogen - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • MAS307 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAS539 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng