PRAKSB2103 Praksisstudiar i psykisk helsearbeid/helsevern
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet vektlegg kunnskap om sjukepleie til personar med psykiske og rusrelaterte lidingar. Det blir lagt vekt på refleksjon og innsikt i korleis det blir opplevd og kva konsekvensar det kan få i kvardagen. Eit sentralt fokusområde er kunnskap og betydninga av brukarane sin medverknad og sjølvbestemming i det terapautiske opplegget, der tverrfaglig samarbeid blir vektlagt.
Praktisk informasjon
- Studenten må vera budd på å gjennomføre praksis i distriktet (praksisplasser HVL, studiestad Stord, har avtalar med).
- Praksisstad/student lager turnus på 240 timer, jamt fordelt over 8 veker.
- I praksis skal studenten ha fokus på klinisk arbeid i direkte kontakt med pasientar og pårørande.
- Turnusen blir godkjent av lærar og studentansvarleg-/kontaktsjukepleiar på praksisstad i veke 1 eller 2.
- Studenten skal i størst mogleg grad følgje kontaktsjukepleiar sin turnus.
- Studenten skal gå dag, kveld, helg og natt (der det er mogleg).
- Rettleiingsgruppe med lærar er obligatorisk og blir rekna som praksis.
- For at et praksisemne skal kunne vurderast til bestått, må studenten ha vore til stades minimum 90% av den planlagde tida.
- Fråvær over 10 %, uansett årsak, gjev ikkje bestått praksis.
- Studenten oppmodast til kontinuerlig å jobbe inn eventuelt fråvær på inntil 10% (fråværsdag 1-3), der det er mogleg for praksisstaden.
- Dersom sjukdom eller andre forhold studenten ikkje rår over fører til fråvær utover lovleg fråvær (10%), må skjema og legeattest (eller annan gyldig dokumentasjon)bli levert studieadministrasjonen seinast 3 virkedagar utover lovleg fråvær, dersom praksisforsøket ikkje skal bli rekna som eit forsøk.
- Fravær på mellom 10% og 20% kan likevel hvis mogleg arbeidast inn i løpet av praksisperioden etter avtale med kontaktsjukepleiar og lærar fra høgskolen.
- I særtilfeller kan fråvær jobbast inn i inntil éi veke etter avslutta praksisperiode. I slike tilfelle ligg beslutningsmyndighet hos fagseksjonsleiar.
- Skifte av vakt utan godkjenning frå sjukepleiar eller lærar blir rekna som fråvær.
- Studenten har ansvar for å rapportere fråvær til avdelinga.
- Det skal gjennomførast obligatoriske begynnar-, midt- og sluttsamtaler i alle 8 vekene sine praksisperiodar. Midt- og sluttsamtalar skal gjennomførast med utgongspunkt i AssCe skjema. (Sjå og Rettleiing til AssCe skjema). Studenten bør merke seg at det blir forventa forskjellig nivå på sjukepleieutøvinga i høve til kor langt studenten er komme i studiet og kor mange praksisperioder ein har gjennomført.
- Arbeid som studentane gjer medan dei er ute i praksisstudiane skal relaterast til praksis og vera gjenstand for vurdering på midt- og sluttevaluering.
- Ved ikkje bestått/ikkje fullført praksis må studenten på nytt gjennomføre ein heil praksisperiode med tilhøyrande oppgåver. Dette gjeld uavhengig årsak for ikkje bestått/ikkje fullført praksis.
- For meir informasjon blir studenten, kontaktsjukepleiar og studentansvarleg vist til "Læreplan for praktiske studier".
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten:
- Har kunnskap om relevante psykiske og rusrelaterte lidingar, behandling, rehabilitering, ulike metodar inklusiv miljøterapi og sjukepleie som blir nytta i psykisk helsearbeid/helsevern.
- Har kunnskap om relevante kommunikasjonsformer, spesielt kommunikasjon som fremjar brukarmedverknad og samhandling med pasientar og deira pårørande.
- Har kunnskap om informasjon, rettleiing og undervisning som er relevant for pasientar og deira pårørande innanfor feltet psykisk helsearbeid/helsevern.
- Kjenner til ulike kunnskapssyn på psykisk liding og psykisk helse, og relevant forsknings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet.
- Har kunnskap om sjukepleieprosessen som metode i utøving av sjukepleie til pasientar med psykiske og rusrelaterte sjukdommer.
- Har kunnskap om aktuelle førebuingar, undersøkingar og sjukepleieprosedyrer.
- Har kunnskap om aktuelle legemidler, virkning, bivirkninger og legemiddelhandtering.
- Har kunnskap om samarbeid, arbeidsleiing og organisering innanfor psykisk helsearbeid/helsevern, og om samarbeid mellom nivå i helsesystemet.
- Har kunnskap om korleis ulike faktorar og tverrfagleg samarbeid kan bidra til betringsprosessar og eit godt pasientforløp.
- Har kunnskap om aktuelle retningslinjer, forskrifter og lovverk som regulerar denne delen av helsetenesta.
Ferdigheiter:
Studenten:
- Nyttar kunnskap frå pensum, forsking og utviklingsarbeid i sjukepleieutøvinga og kan framstille dette skriftleg/munnleg.
- Nyttar målretta kommunikasjon verbalt og non-verbalt.
- Nyttar relevante prinsipp for informasjon, rettleiing og undervisning til pasientar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar.
- Identifiserer, vurderer, prioriterer, planlegg, utfører, følgjer opp, rapporterer og dokumenterer behov for sykepleie til pasientar/ brukarar med psykiske og rusrelaterte lidingar, og i forhold til tilleggslidingar. Dette blir utført i samråd med pasienten, pårørande og andre medarbeidar.
- Identifiserer pasienten sine ressursar, og motiverer pasienten til å bruke ressursene, samt styrkje dem.
- Utfører sjukepleieprosedyrar, administrerer legemidlar i samhøve med gjeldande retningslinjer, og assisterer ved undersøkingar og behandling på en fagleg forsvarleg måte.
- Nyttar ulike metodar som blir brukt i psykisk helsearbeid/helsevern.
- Viser evne til samhandling med eigen yrkesgruppe, og kan samarbeide tverrfagleg og tverretatleg.
- Førebyggjer komplikasjonar og ivaretar pasientens sin tryggleik i tråd med oppdatert kunnskap.
- Tar i vare pasienten sin autonomi og integritet i samsvar med etiske og juridiske retningsliner.
- Reflekterer over eigen fagleg utøving og justerer denne under rettleiing.
Generell kompetanse:
Studenten:
- Viser innsikt i kommunikasjonen sin betydning for å fremje tillit og sikre tryggleik hos pasientar og deira pårørende.
- Viser sjølvstende, nøyaktigheit og fagleg forsvarligheit i utføring av all sjukepleie, til dømes ved utøving av sjukepleieprosedyrar, handtering av legemiddel og ved undersøkingar og behandling.
- Overheld teieplikta, og praktiserer i samsvar med faglege, etiske og juridiske retningsliner.
- Viser respekt, forståing og nestekjærleik og tek andre menneske sin situasjon og oppleving alvorleg, uavhengig av kultur, religion og røyndomsoppfatting.
- Viser ansvar for eigen læring, tar initiativ til å utnytta læresituasjoner, og bruker rettleiing aktiv og konstruktivt.
- Viser evne til kritisk refleksjon over eigen evne til å utøve sjukepleie til pasientar/brukerar med psykiske og rusrelaterte lidingar.
Krav til forkunnskapar
Forkunnskapskrav (for kull 2014 og senere): Bestått praksis 1 og emnene SYKSB1021, SYKSB1031, SYKSB1022 og SYKSB1032, samt arbeidskrav i 3. semester knyttet til SYKSB2023 og SYKSB2033.
Tilrådde forkunnskapar
Alle forutgåande emner
Undervisnings- og læringsformer
Integrering av teori og praksis, rettleiing og refleksjon, gruppearbeid, rettleia praksis/studentoppfølging, demonstrasjonar, skriftlege oppgåver/arbeid og digitale innleveringar, munnleg framstilling, prosjektarbeid, munnleg medstudentrespons, dugleikstrening, refleksjonsnotat, sjølvevaluering, seminar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav (for kull 2014 og senere): Medikamentregningstest i 3 semester.
Vurderingsform
Praksis