BØA101 Bitcoin - blokkjedeteknologi og den digitale økonomien

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i Bitcoin, den underliggjande blokk-kjedeteknologien og kryptovalutaen sin plass i det nasjonale og internasjonale pengesystemet.

Bitcoin har opna for nye mulegheiter i den digitale økonomien og emnet skal gje studentane ei forståing av koplinga mellom teknologi, økonomi og samfunnsvitskap. Bitcoin, og andre kryptovalutaer, må forståast på ein tverrfagleg måte og i lys av dei nemnde områda. Emnet skal også gje studentane ei forståing av kryptovalutaen si spesielle og avgjerande rolle i blokkjedeteknologien.

Det er ingen krav til førehandskunnskapar innan teknologi og økonomi for å kunne ta dette emnet, og det vil passa både til økonomar som vil forstå meir av utviklinga i den digitale økonomien, og til teknologar som ønskjer å forstå meir av den spesielle blokkjede­teknologien og korleis økonomi er vevd inn i den..

Studentane skal etter å ha gjennomført kurset forstå korleis Bitcoin er oppbygd og verkar og dermed få ei grunnleggjande forståing for all blokkjedeteknologi Emnet kan også fungera som ein inngang til vidare studiar av den digitale økonomien som opne blokkjeder representerer.

Innhald

  • Introduksjon til kryptovalutaer med vekt på Bitcoin
    • pengehistorikk
    • utvikling av digitale betalingssystem, før og etter Bitcoin
  • Karakteristiske trekk ved desentrale og sentrale IT-løysingar
  • Bitcoin sin konsensus-modell (Nakamoto-konsensus)
  • Blokk-kjedeteknologien
  • Bruk av Bitcoin og andre kryptovalutaer
  • Regulering av Bitcoin og kryptovalutaer
  • Anonymitet, pseudonymitet og personvern
  • Bitcoin som plattform for andre tenester
  • Alternative kryptovalutaer ("altcoins") og universet av kryptovalutaer
  • Ethereum og smarte kontraktar
  • Bitcoin, blokk-kjede og framtidig bruk og utvikling
  • Blokk-kjedeteknologi som grunnlag for e-pengar
  • Bitcoin som betalingsmiddel
  • Kryptovaluta som grunnlag for nye finansieringsmodellar
  • Bitcoin og pengepolitisk styring
  • Bitcoin som investerings- og spekulasjonsobjekt

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Kunnskapar Studenten skal:

  • Forstå utviklinga av pengar i historisk perspektiv
  • Forstå bakgrunnen for Bitcoin, og Bitcoin som klassisk eksempel på innovasjon
  • Forstå korleis Bitcoin fungerer og kva som gir denne kryptovalutaen verdi
  • Forstå samspelet mellom teknologi, økonomi og samfunnsmessige forhold
  • Forstå potensialet teknologien har som plattform for nye tenester
  • Vera i stand til å gi råd til andre om bruk av Bitcoin og andre kryptovaluta og forklara korleis dei fungerer
  • Vita kva e-pengar er
  • Kjenna til argumenta for og mot ein overgang til eit kontantlaust samfunn
  • Forstå korleis blokkjedeteknologien kan nyttast til å produsera e-pengar
  • Forstå korleis kryptovalutaer, spesielt Bitcoin, kan nyttast som betalingsmiddel ved sida av andre, eller i staden for, e-pengar og kontantar
  • Forstå risikoen ved ulike typar oppbevaring av kryptovaluta
  • Forstå kvifor kryptovalutaer, spesielt Bitcoin, kan nyttast som spekulasjonsobjekt
  • Forstå kva ei finansiell boble er og vurdera kryptovalutaer i den samanhengen
  • Forstå kvifor kryptovalutaer, spesielt Bitcoin, kan nyttast som spekulasjonsobjekt
  • Forstå dei pengepolitiske utfordringane knytt til bruk av kryptovalutaer som betalingsmiddel.

Ferdigheiter

Studenten skal

  • Kunna bruka Bitcoin og andre kryptovalutaer og forstå korleis ein vekslar mellom dei og mellom kryptovaluta og fiatvaluta
  • Kunna bruka ressursar på nettet til å spora Bitcoinbetalingar og følgja utviklinga
  • Skilja mellom anonymitet og pseudonymitet og vita kva teknologi som tilbyr det eine eller andre
  • Kunna skilja mellom fakta og mytar om Bitcoin og andre kryptovalutaer

Generell kompetanse

Studenten skal

  • Kunne følgja samfunnsdebatten knytt til bruk av kryptovalutaer.
  • Ha nok kunnskap til å forstå risikoen ved investering i kryptovalutaer

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar.

Arbeidskrav

Obligatorisk innlevering av arbeidsoppgåver.

Vurderingsform

4 timar heimeeksamen. Karakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne

Meir om hjelpemiddel