EL2-201 Reguleringsteknikk

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Matematisk modellering: Differensiallikningar, overføringsfunksjon, Laplacetransform, tilstandsrommodell. Stabilitetsanalyse: Rouths kriterium, Nyquists stabilitetskriterium, frekvensresponsanalyse, Bodediagram. Reguleringsprinsipp: PID-regulatoren, polplasseringsmetodar, z-transform, digitale reguleringssystem. Dataverktya Matlab og Simulink vert brukte.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten har kunnskap om/kjenner til:

- matematisk modellering av 1. og 2. ordens system

- tilstandsrommodellar - polplassering (tilstandstilbakekopling)

- stabilitetsanalysar

- dimensjonering av analoge og diskrete regulatorar i tilbakekopla system

- bruk av Matlab og Simulink

- samanhengen mellom grunnleggande elektrofag, matematikk og reguleringsteknikk i eit systemperspektiv

- nyvinningar på fagfeltet

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

- modellere og analysere enkle lineære mekaniske og elektriske system

- finne tilstandsrommodellar

- skissere sprangresponsar og frekvensresponsar

- redusere blokkdiagram - utføre stabilitetsanalysar

- polpassering

- dimensjonere analoge og diskrete regulatorar

- bruke MATLAB og Simulink til analyse og syntese av reguleringssystem

Generell kompetanse

- Kandidaten kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre

- Kandidaten har forståing av at tverrfaglegheit er nødvendig for gode systemløysingar

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande elektro 1 og 2, Matematikk 1 og 2

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, laboratorie- og rekneøvingar.

Arbeidskrav

4 godkjende øvingar.

Vurderingsform

Mappe (vekt 40%, 1 prøve og 1 innlevering). Skriftleg eksamen, 4t. (vekt 60%). Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skrivne og trykte. Kalkulator: Alle.

Meir om hjelpemiddel