EL2-202 Prosesstyring

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Kurset skal gje generell innføring i prosesstyring. Det vert i første rekkje fokusert på automatisering av kontinuerlege prosessar. Det vert lagt mindre vekt på produksjonprosessar/stykkproduksjon.

Læringsutbytte

Kunnskap: Studenten kjenner til: 

  • dei ulike omgrepa: Sikring, overvaking, styring, regulering, sekvensstyring, reseptstyring. 
  • norma IEC 61131-3 
  • norma NORSOK I-005.
  • Simatic PLSar
  • programmeringsspråka LD og FBD.
  • kommunikasjon mellom PLSar og mellom PLSar og HMI system
  • bruk av PLS-emulator for uttesting av program (HMI og PLS)
  • omgrepet feltbuss
  • ulike typar intstrumentering (sensorar, aktuatorar)
  • ulike typar automatisk tuning av regulatoar.
  • omgrepet "Model Predictive Control"

Ferdigheiter: Studenten kan

  • PLS programmeringmiljø.
  • Programmeringsmodell for PLS.
  • Konstruere robuste programkomponentar programmert med ST.
  • Konstruere enkle HMI system med HMI programvare.
  • Konstruere enkle kontrollprogram ved bruk av Stukturert Tekst.
  • Forstå PID regulator og implementering av PID regulator i ST. -
  • Forstå virkemåten til frekvensomformar.

Generell kompetanse

  • Kandidaten har kunnskap om prosesstyring, ufordringar innan fagfeltet, og terminologi som høyrer fagfeltet til.
  • Kandidaten vil kunne forstå teikningsunderlag for prosessstyringsanlegg og korleis slike anlegg er bygd opp.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på Grunnleggjande elektro 1 og 2, Datateknikk med programmering

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og laboratorieøvingar.

Arbeidskrav

6 godkjende innleveringar

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5t (vekt 100%)

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • IN2-202 (1) - Målesystem og PLS - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • EL2-202 (1) - Prosesstyring - Reduksjon: 10 studiepoeng