ING1030 Fysikk for elektro

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Rørsle langs ei rett line, rørsle i rommet, Newtons lover, arbeid og energi, kollisjonar, rotasjonsrørsle, spinnsats, periodiske rørsle - termofysikk, tilstandslikninga, pVt- diagram, sykliske, reversible og irreversible prosessar, varmetransport. Fluidmekanikk. Magnetiske felt og elektromagnetisk induksjon.

Læringsutbytte

- Kunnskap

 Studenten kan gjere greie for:

  • strukturen til den newtonske mekanikken, betraktningsmåtar i termofysikk og grunnleggande elektrisitetslære.
  • Newtons tre lover og arbeid-energi-setningen, både for translasjons- og rotasjonsrørsle.
  • bevaringslover som er nyttige i samband med kollisjonar, både for translasjons- og rotasjonsrørsle.
  • termodynamikkens grunnsetningar.
  • fluidmekanikkens grunnprinsipper
  • Bernoullis likning.
  • Faradays lov og Lenz lov.
  • krav som er knytt til bruk av dei ulike lovene og prinsippa.
  • bruken av modellar og modellar sitt gyldigheitsområde.

 

- Ferdigheiter:

Studenten kan gjennomføra:

  • berekningar basert på den newtonske mekanikken, både for translasjons- og rotasjonsrørsle,
  • bruk av gode og tydelege skisser som del av oppgaveløysingar i mekanikk,
  • berekningar av enkle periodiske rørsler,
  • berekningar med tilstandslikninga for ideelle gassar og knytt til pVT-diagram,
  • berekningar av stasjonær varmetransport, ein-dimensjonalt og røyrgeometrisk,
  • berekninger for fluidstrøm ved hjelp av Bernoullis likning 
  • berekninger for enkle situasjonar med magnetiske krefter
  • laboratoriearbeid med samarbeid i gruppe og rapportskriving.

 

- Generell kompetanse:

 Studenten kan:

  • forklara fysiske problemstillingar og løysingsmetodar til andre, både skriftleg og munnleg,
  • bruka verktøy frå fysikken til å finna svar på problemstillingar i andre teknologiske fag,
  • gjenkjenna enkle fysiske lovmessigheitar slik dei kjem til uttrykk i komplisert teknologi.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Teknisk Realfag 2

Analyse og lineær algebra

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, øvingar og laboratoriearbeid.

Arbeidskrav

Abeidskrav 1: 3 labøvingar gjennomførde og godkjende. Dersom studenten har hatt eksamensrett i emnet tidlegare vert arbeidskrav 1 sett på som oppfylt.

Arbeidskrav 2: Vert spesifisert i undervisningsplan ved semesterstart. 

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5 timar

Gradert karakter A - E / F (stryk).

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator: Godkjent kalkulator er Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)

Meir om hjelpemiddel