VPD5-210 Praksisopplæring innan helsefagleg arbeid

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Praksis er ein sentral del av vernepleiarutdanninga. Studentane skal øve seg i å arbeide etter prinsippa i kunnskapsbasert praksis. Kunnskapsbasert praksis (KBP) er å ta faglege avgjerder basert på systematisk innhenta forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap, samt identifisere pasienten sine ynskjer og behov i ein gitt situasjon. I praksisperioden får studenten individuell oppfølging og veiledning av kontaktperson. Høgskulen har det formelle ansvar for vurdering av praksis. Arbeidskravet tek utgangspunkt i praksisarbeidet, og studenten arbeidet med dette gjennom heile praksisperioden.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne skal kandidaten ha:

Kunnskap :

  • om grunnleggjande pleie- og omsorg, samt relevante helsefaglege prosedyrar
  • om praksisplassen sin ideologi, organisering og forvaltning
  • om brukarmedverknad og korleis leggje til rette for medverknad i omsorgs- og forbetringsprosessar
  • om farmakologi og legemiddelhandtering
  • om ulike profesjonar sine bidrag på og i tilknyting til praksisplassen
  • om forbetringsarbeid og forsking på helsefaglege områder.

Ferdigheiter:

  • kan anvende fagleg relevant kunnskap om hygiene, smitte, grunnleggjande pleie- og omsorg, helsefaglege prosedyrar, farmakologi og legemiddelhandtering i praktisk arbeid, samt å kunne grunngje sine val.
  • kan anvende prinsipp om kunnskapsbasert praksis.
  • anvende kunnskap om aktuelle sjukdomar og behandlingsformer for å observere og gje forsvarleg helsehjelp til eldre og sjuke
  • kan reflektere over eiga yrkesutøving i møte med tenestemottakarar og kollegaer; og har evne til å justere seg på bakgrunn av tilbakemeldingar og veiledning.

Generell kompetanse:

  • Kan planlegge og gjennomføre helsefaglege prosedyrar og identifisere, gjennomføre og dokumentere helsehjelp i tråd med faglege krav og etiske retningslinjer
  • Har innsikt i relevante etiske og faglege problemstillingar innan helse- og omsorgsfaglege tema.
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med brukar, kollega og andre naturlege aktørar i nettverket rundt brukar, og bidra til utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

Alle emne på første år skal vere greidde. Studenten skal ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet VPD5-209 Helsefag

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing og seminar. Praksis og oppgåver med tilbod om rettleiing.

Arbeidskrav

  • Lærings og vurderingsskjema
  • Skriftleg oppgåve i samband med praksis; +/- 4000 ord
  • 9 veker praksis. Krav om 100 % frammøte.

Alle arbeidskrav er gyldige for gjeldande semester. Alle arbeidskrav må vera godkjent for å få godkjent praksis. Dersom ein ikkje får godkjent alle skriftlege oppgåver i samband med praksis, må praksis takast på nytt.

Vurderingsform

GODKJENNING Praksisrettleiar tilrår praksis godkjend/ikkje godkjend. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Dersom ein ikkje får godkjent skriftleg oppgåve i samband med praksis, så må praksis takast på nytt.

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som klart ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få vurdering ikkje godkjend sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • VPL5-210 (1) - Praksisopplæring innan helsefagleg arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng