Hopp til innhald

LSP8104 Skapande arbeid med IKT

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi avansert og inngåande forståelse av bruk av ulike typar digitale læringsressursar for skapande arbeid i fag og tverrfaglege prosjekt. Det vert fokusert på fagleg og teknologisk bruk, veiledning og utvikling av gode læringsarena, samt vurdering og refleksjon av pedagogisk bruk av IKT med eit skapande og utviklande fokus i fag og prosjekt.

Emnet skal gi innsikt i koding og algoritmisk tankegang med utgangspunkt i faglege problemstillingar og tverrfaglege prosjekt.

Emnet er og retta mot grunnleggande forskingsmetodar og teoriar knytt til pedagogisk bruk av IKT i undervisning og læring. Dette skal danne eit forskingsbasert grunnlag for dei praktiske arbeidskrava.

Emnet skal fokusere på skapande arbeid med digitale verktøy som innhald og metode. I emnet vil følgande tema bli vektlagt:

  1. Digital didaktikk/undervisningsplanlegging
  2. Digitale læringsressursar i skapande arbeid
  3. Digitale verktøy for koding og algoritmisk tankegang
  4. Kritisk refleksjon og vurdering av pedagogisk bruk av IKT, sett frå eit profesjonsfagleg, teknologisk og skapande perspektiv
  5. Ulike forskingsmetodar
  6. Planlegging og drift av faglege og tverrfaglege prosjekt

Læringsutbytte

Emnet skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Har avansert kunnskap om omgrepet profesjonsfagleg digital kompetanse
  • Har ei reflekterande haldning til bruk av IKT i skapande arbeid
  • Har avansert kunnskap om bruk av digitale læringsressursar i skapande arbeid
  • Ha oversikt over og kunnskap om verktøy og programvare for koding
  • Ha oversikt over grunnleggjande og generelle prinsipp for koding
  • Har inngåande kunnskap om planlegging og rettleiing i bruk av digitale verktøy i skapande arbeid
  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan emnet
  • Har oversikt over grunnleggande forskingsmetodar
  • Har kjennskap til oppdatert og innovativ forsking på feltet
  • Har kunnskap om korleis IKT påverkar arbeid, undervisning og metode i skapande arbeid

Ferdigheter

Studenten:

  • Kan bruka IKT på ein innovativ måte for å oppnå kompetansemål og sikre progresjon i læringsarbeidet
  • Kan rettleie kollega i praktiske og teoretiske problemstillingar i skapande arbeid basert på relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
  • Kan setje i gang og drive faglege og tverrfaglege IKT prosjekt
  • Kan rettleie kollega i bruk av programvare for koding og algoritmisk tankegang i ein undervisnings- og lærings kontekst
  • Kan analysera og reflektera over pedagogisk bruk av IKT i skapande arbeid
  • Kan reflektera over eiga og andre si profesjonsfaglege digitale kompetanse
  • i skapande arbeid
  • Kan utvikle problemstillingar og forskingsspørsmål knytt til skapande arbeid

Generell kompetanse Studenten

  • Kan oppdatere sin eigen praksis og rettleie kollega basert på forskingsbasert fagleg innsikt og ferdigheiter knytt til digitale verktøy for skapande arbeid
  • Kan følgje med i utvikling innan koding
  • Kan kritisk reflektera over problemstillingar og analysere resultat knytt til samspelet mellom læring, skapande arbeid og IKT
  • Kan arbeida vitskapleg, og ta ein ledande rolle for å identifisera, analysera og løysa utfordringar knytte til profesjonsfagleg digital kompetanse i skapande arbeid
  • Kan bidra til innovasjon og utvikling av kunnskap og god praksis i samhandling med kollega
  • Kan initiere, setje i gang og leie innovative prosjekt med fokus på IKT verktøy for skapande arbeid
  • Kan rettleie elevar i utvikling av ferdigheiter og forståelse i bruk av IKT som reiskap for skapande arbeid

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Deltakelse på to obligatoriske samlinger (á tre dager) pr semester.

Forelesninger; diskusjoner (i grupper og i plenum); nettmøter; arbeid med digitale og praksisbaserte oppgaver (individuelt og i grupper).

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk deltakelse på samlingene, i tillegg til spesifiserte krav i semesterplanen for emnet.

Vurderingsform

 Oppgåve - Prosjektoppgåve (individuelt og i grupper)

Gradert karakter - A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel