Hopp til innhald

ELDHELS008 Demens og alderspsykiatri

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet er bygt opp om tema som samla famner dei utfordringar fagfeltet står  ovanfor; førebygge, diagnostisere og behandle demens og psykiske lidingar  som opptrer i høg alder. For å kunne yte tenester til desse pasientgruppene må  ein ha spesiell kompetanse innan fagområda psykiatri, geriatri og gerontologi.  Det vert sett fokus på juridiske og etiske utfordringar. Samarbeid mellom  pårørande og hjelpeapparatet står sentralt. Emnet set søkelys på organisering  av alderspsykiatriske tilbod i første- og andrelinjeteneste. 

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande totale læringsutbytte definert i  kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskap 

Studenten har 

- Inngåande kunnskap om demens og alderspsykiatriske sjukdommar ,  deira uttrykksformer og følgjetilstandar 

- Omfattande kunnskap om ulike miljø- og kommunikasjonstiltak for eldre  med demens og alderspsykiatrisk sjukdom, herunder  kommunikasjonsutfordringar   

- Avansert kunnskap i medikamentell behandling til eldre med demens  og alderspsykiatrisk sjukdom 

- Inngående kunnskap om mestringsstrategiar hos pasientgruppa og deira  pårørende 

- Inngåande kunnskap om politiske føringar, samhandling og organisering  av tenestene til personer med demens og deira pårørande 

 

Ferdigheiter 

Studenten kan 

- Søkje og kritisk vurdere kunnskap om personar med demens og  alderspsykiatrisk sjukdom 

- Kartlegge, planlegge, gjennomføre og evaluere aktuelle tverrfaglege  tiltak på ein sjølvstendig måte i samarbeid med pasient og pårørande 

 

Generell kompetanse 

Studenten kan 

- Formidle, kommunisere og anvende sin kunnskap innan fagområdet  demens og psykiske lidingar hos eldre 

- Bidra til nytenking og innovasjon i fagområdet 

- Identifisere og analysere faglege og etiske utfordringar knytt til klinisk  praksis og organisasjonsmessige utfordringar på fagfeltet 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, simulering, sjølvstudium og gruppearbeid. På  fellessamlingane vert det lagt opp til at studentane har korte framlegg for  kvarandre med utgangspunkt i eigen praksis og arbeidskrav. 

Undervisning for studentar med opptak i Haugesund vil primært vere både på  Campus i Haugesund. 

Undervisning for studentar med opptak i Førde vil primært vere på Campus i  Førde. 

Utvalde førelesingar kan bli videooverført. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læingsaktiviteter må være godkjent for at studenten kan fremstille seg til eksamen:

Arbeidskrav 1: Nærvær i 80 % studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning

Arbeidskrav 2: Individuell innleveringsoppgåve, maks 500 ord 

Arbeidskrav 3: Innlevering gruppeoppgåve med obligatorisk munnleg framlegg,  medstudentrespons og tilbakemelding frå lærar, maks 2500 ord. 

Vurderingsform

Individuell heimeoppgåve 

Omfang: 4000 ord 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel