Hopp til innhald

MGBNO501 Norsk 3, emne 1 - Litteratur og litteraturdidaktikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om hausten fjerde året. Emnet er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. For GLU 1-7 er også begynnaropplæring relevant. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Emnet gir studenten inngåande og avansert kunnskap om litteraturvitskap, litteraturdidaktikk og vitskapsteori og metode knytt til litteratuvitskapeleg emne. Studenten får innsikt i nyare forsking om litterære emne, og i korleis denne kunnskapen kan brukast i profesjonsutøvinga.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande innsikt i teori om estetikk, litteraturdidaktikk og litteraturvitskap
  • har avansert kunnskap om munnlege, skriftlege og multimodale teksttypar i ulike medium frå fortid og samtid
  • har inngåande kunnskap om tekstanalyse, tekstskaping og formidling
  • har spesialisert kunnskap om medieestetiske uttrykksformer
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori og metode med relevans for det litteraturdidaktiske feltet og for profesjonsutøvinga av faget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og kritisk vurdere døme på nasjonal og internasjonal litteraturforsking og tilhøyrande forskingstradisjonar og kan nytte denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan planleggje, tilpasse og gjennomføre undervising i litteratur som kan fremje den vitskaplege tenkjemåten og litterære kompetansen til eleven
  • kan formidle tekstar i ulike uttrykksformer på varierte og sjølvstendige måtar
  • kan utvikle og vurdere læringsressursar i litteraturundervisninga, og gje fagleg grunngjeven undervisning i litteratur til alle elevar, inkludert elevar som har norsk som andrespråk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vere ein ressurs i faglege samanhengar i spørsmål om litteratur og litteraturundervisning
  • kan utdjupe og konkretisere norskfaget sin eigenart som kultur- og danningsfag
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre fagområdets uttrykksformer

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 1 og 2 (60 sp) i syklus 1 eller tilgrensande.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene er varierte. Dei kan vere førelesingar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Ein forventar at studentane organiserer kollokviegrupper.  

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Gjennomføre ein performativ presentasjon av litterær tekst for ei nærmare definert målgruppe
  2. Skrive eit samandrag av ein litteraturteoretisk tekst frå pensum og reflektere over korleis det teoretiske og metodiske perspektivet kan knytast til eit didaktisk arbeid med ein litterær tekst

Språk: norsk. Arbeidskrav 2 skal skrivast på motsett skriftspråk av heimeeksamen.

Presisering av formelle krav vert delte ut ved semesterstart. 

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Studentar som ikkje har godkjent eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar. 

Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgjande semesteret etter godkjenninga

Vurderingsform

Heimeeksamen, 5 dagar.

Studentane skal skrive ein teoretisk drøftande fagartikkel knytt til ein litterær tekst.

Språk: norsk, det skriftspråket ein ikkje har nytta i arbeidskrav 2.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel