Hopp til innhald

MGBSA503 Samfunnsfag 3, emne 3 - Forskingsmetodar og kjeldekritikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi kunnskap om fagets metodar, synleggjere samanhengar mellom undersøkingsopplegg og datainnsamling, og sette studentane på masterutdanninga i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.

Emnet vil relatere metodane til det vitskapsteoretiske grunnlaget for samfunnsvitskapleg forsking, med vekt på tema som subjektivitet, objektivitet, metodologisk individualisme og kollektivisme, refleksivitet og konstruktivisme. Studentane skal arbeide med ulike metodiske tilnærmingar med vekt på undersøkingsopplegg, gjennomføring av datainnsamling og metodiske utfordringar.

Sentrale undervisingstema:

  • Samfunnsvitskapleg forsking - vitskapsteoretisk forankring
  • Kvantitativ metode: fokus blir lagt på å bli kjent med kvantitative teknikkar og korleis desse blir brukt innan samfunnsvitskapleg forsking.
  • Kvalitativ metode: Her blir det lagt vekt på korleis ein kan planlegge og gjennomføre kvalitative forskingsintervju, spørjeskjemaundersøkingar, observasjonar og tekstanalyser
  • Kjeldekritikk: studentane skal arbeide med ulike typar kjelder og øve opp ei refleksiv haldning til det kjeldekritiske apparatet.

Læringsutbytte

Kandidaten skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om det vitskapsteoretiske grunnlaget for samfunnsvitskapleg metode.
  • har kunnskap om ulike kvantitative og kvalitative metodar.
  • har kunnskap om forskingsetiske lover og retningsliner, samt god forskingspraksis.
  • har kunnskap om ulike former for datainnsamling, analyse og presentasjon av data.
  • har kunnskap om viktige databasar og arkiv.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan lage eit undersøkingsopplegg for eige masterarbeid og grunngje val av metode skriftleg og munnleg.
  • kan nytte relevante verktøy for innsamling og analyse av empirisk materiale.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan sjå samanhengar mellom problemstilling, undersøkingsopplegg, datainnsamling og endeleg forskingsresultat, og gjere hensiktsmessige val av metode basert på desse samanhengane.
  • har ei refleksiv haldning til kjeldekritikk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGBSA101, MGBSA201, MGBSA301, MGBSA401

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer som ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium og diskusjon av tekstar og studentarbeid i seminar. Det vert sett krav til aktiv deltaking frå studentane i form av innlegg på seminaret. Studentane skal skrive ei prosjektskisse som presenterer opplegget for forskingsarbeidet dei skal gjennomføre i masteroppgåva. Under arbeidet med skissa skal deler av den takast opp til diskusjon i seminaret. Arbeidsformene legg stor vekt på problematisering, kritisk refleksjon og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal skrive ei prosjektskisse som presenterer opplegget for forskingsarbeidet dei skal gjennomføre i løpet av mastergraden. Skissa skal presenterast i seminar, og alle studentar skal vere opponent til ein medstudent. 

Utfyllande retningsliner for skissa vil bli delt ut ved semesterstart. Arbeidskrav må være godkjent for at studentane skal kunne ta eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen på inntil 30 min. med utgangspunkt i prosjektskissa, sjølvvalt og obligatorisk pensum.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel