NAB3010 Operativ leiing

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet tek føre seg operativ leiing og psykologi relevant for sjøoffiserar under krevjande maritime situasjonar. Studentane som følgjer emnet vil gjennomgå relevant teori, men òg gjennomføra monalege delar av emnet som praktiske øvingar med og utan bruk av simulator, inkludert Bridge Resource Management (BRM) kurs i samsvar med krava i STCW. 

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten:

  • Har brei kunnskap om individuelle og mellemenneskelege tilhøve som påverkar individ si samhandling og yteevne i operative situasjonar; organisasjonspsykologiske og kontekstuelle tilhøve som påverkar operasjonar; i tillegg til utvikling av motivasjon og meistring.
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet, kan oppdatera kunnskapen sin innan fagområdet, i tillegg tila t dei har kunnskap om fagområdet si historie.

 

Ferdigheiter:

Studenten:

  • Kan nytta fagleg kunnskap og relevant FoU resultat om individuelle, psykologiske, organisasjonspsykologiske og kontekstuelle tilhøve sin innverknad i praktisk handsaming av operative situasjonar så vel som teoretiske problemstillingar og treffa grunngjevne val.
  • Kan reflektera over eiga operativ leiing og justera denne under rettleiing.
  • Kan finna, vurdera og visa til informasjon og fagstoff innan operativ leiing og psykologi og framstella dette slik at det belyser ei problemstilling.
  • Beherskar operative leiingsteknikkar og verkty for å oppretthalda motivasjon, meistring og situasjonsmedvit, samt å ivareta mannskapet si helse og velvære.

 

Generell kompetanse:

Studenten:

  • Har innsikt i relevante etiske problemstillingar for sjøoffiserar knytt til relevante belastingar for mannskap, eksempelvis; fysiske miljøbelastingar, traumatisk stress og søvndeprivasjon.
  • Kan planleggje og gjennomføre maritime operasjonar med omsyn på å etablera og oppretthalda situasjonsmedvite og i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • Kan formidla sentralt fagstoff som teoretiske grunngjevingar og prinsipp for operativ leiing psykologi i relevante uttrykksformer overfor eige mannskap, øvrig leiing og eksterne oppdragsgjevarar.
  • Kan utveksla synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innan operativ leiing og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
  • Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar knytt til faget ved HSH og i relevante delar av næringa.
  • Faget dekker relevante IMO krav i STCW 78 as Amended, tabell A-II/1 og A-II/2. I kombinasjon med faga NAB 1026 Navigasjon I, NAB 1027 Navigasjon II og NAB 2014 Navigasjon III, utgjer NAB3010 Operativ leiing grunnlaget for utskriving av BRM kursbevis.

Krav til forkunnskapar

NAB1026 Navigasjon I, NAB1027 Navigasjon II. NAB3018 Maritim kommunikasjon ¿ SAR-øvelser må vere gjennomført og simulatorøvingane i NAB2014 Navigasjon III må vere godkjent før simulatorøvingane i NAB3010 kan gjennomførast.

Tilrådde forkunnskapar

NAB1028 Samarbeid, organisasjon og kultur på skip.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar med og utan bruk av simulator.

Arbeidskrav

 Godkjent gjennomførte simulatorøvingar (vert spesifisert i semesterplan ved semesterstart). 100% deltaking.

Vurderingsform

Mappeevaluering. Mappa inneheld to element: eitt paper basert på teori fra faget, og eitt erfaringsnotat fra simulatorøvingane. Kvart element tel 50 %

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillate

Meir om hjelpemiddel