NAB3014 STCW Vidaregåande sikkerheitskurs

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Vidaregåande sikkerheitskurs for skipsoffiserar og beredskapsleiarar i internasjonal skipsfart. Kurset består av livbåtførarkurs, brannlagskurs og førstehjelpskurs. Emnet gir ikkje studiepoeng, men blir tilbydd studentar som skal fullføre bachelor i nautikk og seinare løyse sertifikat som dekksoffiser.

Praktisk informasjon:

Emnet blir gitt av ekstern kurstilbydar. Kurset har ei avgrensa gyldigheit på fem år.

Kvar einskild student får berre moglegheit til å ta emnet ein gong. Dersom ein har meldt seg opp, men  ikkje fullfører utan gyldig grunn, vil det ikkje vere mogleg å ta kurset på nytt gjennom HVL.

Læringsutbytte

- Kunnskapar:

Studentane skal kunne gjere greie for beredskapsleiing om bord i skip i ulike typar naudssituasjonar.

- Ferdigheitar:

Studentane skal kunne føre ein livbåt og leia evakuering til livbåt. Dei skal kunne delta i og leie brannlag, og kunne gi førstehjelp til personar i medisinske naudssituasjonar.

- Generell kompetanse:

Kurset dekkjer krava i STCW tabell A-VI/2-1, A-VI/3 og A-VI/4-1.

Krav til forkunnskapar

Minimum bestått 70 sp innan studieprogrammet, i tillegg til NAB1020 Grunnleggande sikkerheitskurs eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og praktiske øvingar.

Arbeidskrav

100% frammøte og deltaking under heile kurset. 

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 1 time. Eksamen er gitt av ekstern kurstilbydar. 

Bestått/ ikkje bestått. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel