NAB3018 Maritim kommunikasjon

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gir opplæring som er naudsynt for å løyse radiooperatørsertifikat (GOC).

Kvar einskild student får berre moglegheit til å ta emnet ein gong. Dersom ein har meldt seg opp, men ikkje fullfører utan gyldig grunn, vil høgskulen ikkje dekke kostnader for nytt kurs.

Læringsutbytte

  - Kunnskapar:

Studentane skal kunna greia ut om bruk av radioutstyr med tilhøyrande teori.

- Ferdigheitar:

Studentane skal kunna operera som radiooperatør om bord i skip.

- Generell kompetanse:

Faget oppfyller krava til å løysa GMDSS GOC sertifikat og dekker relevante krav i STCW 78 as amended, tabell A-II/1, A-II/2 og A-IV/2.

Krav til forkunnskapar

Minimum 70 studiepoeng produsert i studieprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

None.

Undervisnings- og læringsformer

 Forelesingar og praktiske øvingar.

Arbeidskrav

Godkjent passeringstest levert av Telenor og obligatorisk frammøte i alle delar av faget. Arbeidskrava er berre gyldig det semesteret dei blir tatt.

Vurderingsform

Praktisk/munnleg eksamen i radiostasjon.

Hjelpemiddel ved eksamen

ALRS Vol 5 GMDSS

Alle oppslag ved radiostasjon.

Alle publikasjoner i radiostasjon.

Radiodagbok.

Eigen PC ved digital passeringstest

Meir om hjelpemiddel