BØA101 Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i Bitcoin, den underliggjande blokk-kjedeteknologien og kryptovalutaen sin plass i det nasjonale og internasjonale pengesystemet.

Bitcoin har opna for nye mulegheiter i den digitale økonomien og emnet skal gje studentane ei forståing av koplinga mellom teknologi, økonomi og samfunnsvitskap. Bitcoin, og andre kryptovalutaer, må forståast på ein tverrfagleg måte og i lys av dei nemnde områda. Emnet skal også gje studentane ei forståing av kryptovalutaen si spesielle og avgjerande rolle i blokkjedeteknologien.

Det er ingen krav til førehandskunnskapar innan teknologi og økonomi for å kunne ta dette emnet, og det vil passa både for økonomar som vil forstå meir av utviklinga i den digitale økonomien, og til teknologar som ønskjer å forstå meir av den spesielle blokkjede­teknologien og korleis økonomi er vevd inn i den..

Studentane skal etter å ha gjennomført kurset forstå korleis Bitcoin er oppbygd og verkar og dermed få ei grunnleggjande forståing for all blokkjedeteknologi Emnet kan også fungera som ein inngang til vidare studiar av den digitale økonomien som opne blokkjeder representerer.

Innhald

  • Introduksjon til kryptovalutaer med vekt på Bitcoin
    • pengehistorikk
    • utvikling av digitale betalingssystem, før og etter Bitcoin
  • Karakteristiske trekk ved desentrale og sentrale IT-løysingar
  • Bitcoin sin konsensus-modell (Nakamoto-konsensus)
  • Blokk-kjedeteknologien
  • Bruk av Bitcoin og andre kryptovalutaer
  • Regulering av Bitcoin og kryptovalutaer
  • Anonymitet, pseudonymitet og personvern
  • Bitcoin som plattform for andre tenester
  • Alternative kryptovalutaer ("altcoins") og universet av kryptovalutaer
  • Ethereum og smarte kontraktar
  • Bitcoin, blokk-kjede og framtidig bruk og utvikling
  • Blokk-kjedeteknologi som grunnlag for digitale sentralbankpengar
  • Bitcoin som betalingsmiddel (Lightning Network)
  • Kryptovaluta som grunnlag for nye finansieringsmodellar
  • Bitcoin og pengepolitisk styring
  • Bitcoin som investerings- og spekulasjonsobjekt
  • Bitcoin som alternativ for fattige og undertrykte i verda

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Kunnskapar Studenten skal:

  • Forstå utviklinga av pengar i historisk perspektiv
  • Forstå bakgrunnen for Bitcoin, Bitcoin som forløpar for andre kryptovalutaer og Bitcoin klassisk eksempel på innovasjon
  • Forstå korleis Bitcoin fungerer og kva som gir denne kryptovalutaen verdi
  • Forstå Bitcoin og kryptovalutaer som pengar, både funksjon og eigenskapar, og også kva som manglar for å vera fullverdige pengar
  • Forstå kva ei finansiell boble er og vurdera kryptovalutaer i den samanhengen
  • Forstå samspelet mellom teknologi, økonomi og samfunnsmessige forhold
  • Forstå potensialet teknologien har som plattform og muleg infrastruktur for nye tenester
  • Vera i stand til å gi råd til andre om bruk av Bitcoin og andre kryptovaluta og forklara korleis dei fungerer
  • Forstå skilnaden på opne kryptovalutaer, stabilvalutaer, fiat-pengar og digitale sentralbank-pengar
  • Forstå personvernutfordringar ved overgang til eit kontantlaust samfunn
  • Forstå skilnaden på opne og kontrollerte blokkjeder
  • Forstå betalingsløysingar som Lightning Network og korleis det heng saman med Bitcoin
  • Forstå kva som gjer Ethereum spesiell i høve Bitcoin
  • Forstå risikoen ved ulike investering i, og bruk av, kryptovaluta
  • Forstå korleis Bitcoin og kryptovalutaer blir regulerte (skattermessig og bruksmessig)
  • Forstå dei pengepolitiske utfordringane knytt til framveksten av kryptovalutaer
  • Forstå samanhengen mellom energibruk og sikkerheit i Bitcoin, og læra om andre konsensus-metodar

Ferdigheiter

Studenten skal

  • Kunna ta i bruk ei bitcoin-lommebok og forstå korleis ein vekslar mellom bitcoin og "vanlege" pengar (fiat-pengar), og mellom ulike typar kryptovalutaer 
  • Kunna bruka ressursar på nettet til å spora bitcoinbetalingar og forstå prosessen med ein bitcoin-transaksjon
  • Skilja mellom anonymitet og pseudonymitet og vita kva teknologi som tilbyr det eine eller andre
  • Kunna forklara korleis Bitcoin og liknande kryptovalutaer fungerer, og kva som skil dei frå fiat-pengar

Generell kompetanse

Studenten skal

  • Kunne følgja samfunnsdebatten knytt til bruk av kryptovalutaer.
  • Ha nok kunnskap til å forstå risikoen ved investering i kryptovalutaer
  • Forstå blokkjedeteknologien og kryptovaluta slik at han og ho kan bli ein viktig ressurs i slike spørsmål i arbeidslivet
  • Kunna skilja mellom mytar og fakta om Bitcoin og kryptovaluta

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar.

Arbeidskrav

Obligatorisk innlevering av arbeidsoppgåver.

Vurderingsform

4 timar heimeeksamen. Karakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel