Hopp til innhald

GKB301 Global Knowledge

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Studiet er for studentar som ynskjer å tileigne seg tverrkulturell kompetanse og global forståing gjennom teori og ein fleirkulturell praksis med tre månadars opphald i Zambia, Tanzania eller alternativt Danmark.  

Studentane får digital og fysisk undervisning i global og landspesifikk kunnskap knytt til historie, politikk, økonomi, religion, kultur og utdanning. Interkulturell kommunikasjon knytt til kjønn og status i ulike samfunn vert vektlagt spesielt. Studentane har fleirkulturell prosjektpraksis i tre månadar med praksis og prosjektarbeid i Zambia, Tanzania eller alternativt Danmark.  

Studentane har praksis på minimum 4 veker knytt til observasjon, deltaking og leiing av barn i førskulealder i ulike barnehagar og deltaking i undervising ved ei barnehagelærarutdanning i det landet studentane har praksis i. I tillegg til praksis skal studentane sjølv velje eit tema som dei gjennom individuell refleksjon, datainnsamling, analyse og prosjektrapport arbeider med gjennom heile semesteret. Her vert feltarbeid som metode og kritisk tenking sentrale arbeidsmåtar.  

Læringsutbytte

Studenten ha følgjande totale læringsutbytte:  

Kunnskapar  

Studenten  

  • skal ha kunnskap om Nord-Sør perspektiv og global og lokal dialektikk  
  • skal ha kunnskap om ulike typar samfunn og kulturar med særleg vekt på tradisjonelle og høgmoderne samfunn  
  • skal ha kunnskap om feltarbeid i ein ny kulturell kontekst  
  • skal ha kunnskap om barnehagefeltet i ein ny kulturell kontekst  

Ferdigheiter  

Studenten  

  • skal kjenne til andre menneske sine strukturelle rammer, relasjonar og kommunikasjonsmønstre  
  • skal kunne utveksle synspunkt om sentrale kulturelle problemstillingar i eit Nord-Sør perspektiv  
  • kan bruke eigen profesjonskompetanse i ein ny kulturell kontekst gjennom respekt og toleranse for menneske frå andre kulturar  
  • kan samhandle og kommunisere verbalt og nonverbalt med menneske frå ulike kulturar  
  • kan anvende feltarbeid som metode og skrive ein prosjektrapport  

Generell kompetanse  

Studenten  

  • skal kunne reflektere over globale perspektiv med særleg fokus på norsk, nordisk og afrikansk kontekst  
  • skal ha innsikt i eigen og andre sine forståingshorisontar og verdssyn  
  • kan overføre til norsk kontekst profesjonskompetanse erfart i afrikansk kontekst, alternativt nordisk kontekst
  • kan reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad og utvide eigen forståingshorisont i møte med andre menneske

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vekslar mellom digitale og fysiske førelesingar, diskusjonar, gruppearbeid, rettleiing og studentpresentasjonar. Studentane må rekne at alle læringsaktivitetar er obligatorisk, og dei fysiske undervisingsøktene vil innehalde gruppediskusjonar, framlegg, introduksjonsprogram/praksisførebuing og andre studentaktive læringsformer. Oversikt over undervising og dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart.  Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.

I tre månader vil læring være knytt til praksis i ein anna kulturell kontekst, diskusjonar med medstudentar under opphald i utlandet og samarbeid med medstudentar og rettleiarar. Sjølvstendig arbeid i praksis og feltarbeid med prosjektrapportskriving, krev sjølvdisiplin og tilpassingsevne i ein ny kulturell kontekst.  

Praksis  

Minimum fire vekers praksis der minst 3 veker er praksis som barnehagelærar i ein barnehage der fyrste veke er observasjon og dei to andre med ansvar for å delta og leie aktivitetar i denne barnehagen. Ei veke er knytt til å delta i undervisning ved ein barnehagelærarutdanning og barnehage- og skulebesøk. Studentar som ynskjer å ha meir praksis utover fire veker kan avtale dette med våre samarbeidsinstitusjonar og fagansvarleg i Noreg.   

Studentane har tre månadars opphald i Zambia, Tanzania eller alternativt Danmark som ei internasjonal utveksling. Studentane må rekne med å betale eigenandel for reise og opphald, jfr. HVL sitt reglement for dekning av bu- og reiseutgifter for studentar, og med reisestøtte frå Lånekassa vil utgiftene vere om lag dei same som om dei var i Noreg dei tre månadene dei er på utveksling. 

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Minst ein presentasjon på engelsk før avreise  
  • Skriftleg innlevering på utlevert tema som førebuing til opphald i anna kontekst (1500 ord) 
  • Obligatoriske læringsaktiviteter 
  • Gjennomført og godkjent praksis (inkludert før- og etterarbeid)  
  • Innlevering av prosjektskisse  

Vurderingsform

Del 1: Individuell munnleg eksamen på 25-30 minuttar. Tel 50% av samla karakter. Bokstavkarakter A-F.  

Del 2: Individuell prosjektrapport. Ca 6000 ord. Tel 50% av samla karakter. Bokstavkarakter A-F    

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått takast opp att aleine

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle på prosjektrapport og ingen på munnleg eksamen.

Meir om hjelpemiddel