Hopp til innhald

MGBBNM503 Begynnaropplæring, emne 3 - Den utviklingsorienterte lærar. Fagleg og tverrfagleg arbeid i begynnaropplæringa

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Til saman skal emna i Begynnaropplæring i 4.studieår (15+15+15 studiepoeng) bidra til avansert og forskingsbasert kunnskap i begynnaropplæring i norsk og matematikk. Emnet skal gje studenten ferdigheiter til å bruke denne kunnskapen for å utvikle både eiga og skolens undervisning i faget. Begynnaropplæringa skal gje kunnskap til å byggje bru mellom ulike diskursar knytt til barns kunnskapar/erfaringar frå heim, barnehage og skolen.

Emnet Begynnaropplæring i norsk og matematikk - den utviklingsorienterte lærar legg særleg vekt på studentens evne til å utvikle læringsmiljø og klasseromskultur i lys av forsking og teori om norskdidaktikk i begynnaropplæringa. I dette emnet skal studenten også fordjupe seg i eit sjølvvalt tema knytt til begynnaropplæring i norsk og matematikk.

Begynnaropplæringa blir drøfta i lys av nasjonal og internasjonal forsking. Profesjonsutvikling, læringsmiljø og klasseromskultur er gjennomgåande i emnet. Gjennom arbeid med emnet skal studenten utvikle ein spesialisert norsk- og matematikkdidaktisk kompetanse, og forstå samspelet mellom ulike fag og potensialet det har for barns læring og utvikling i begynnaropplæringa.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert forskingsbasert kunnskap om eit valt tema som er sentralt for begynnaropplæring i norsk eller matematikk
  • har avansert og forskingsbasert kunnskap om begynnaropplæring i norsk eller matematikk, med særleg vekt på utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene
  • har inngåande kunnskap om læringsfremjande klasseromskultur
  • har inngåande kunnskap om lærarens ulike roller i elevars faglege utvikling i norsk og matematikk.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og halde seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking om begynnaropplæring og nytte denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan gjennomføre teoribaserte tekstanalysar av til dømes utdanningsdokument,  læremiddel (digitale og analoge) og barnelitteratur, og kritisk vurdere bruken av desse i begynnaropplæringa i norsk og matematikk
  • kan planlegge, gjennomføre og analysere læringsprosessar i begynnaropplæringa i norsk og matematikk som stimulerer elevanes nysgjerrigheit og utforskartrong, og gjev elevar innsikt i kva vitskapleg kunnskap er
  • kan teoriforankra, vurdere og bidra til å utvikle begynnaropplæringa i norsk og matematikk
  • kan utarbeide og grunngje design for eige forskingsprosjekt (Masteroppgåva)

Generell kompetanse

Studenten

  • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga og har profesjonsfagleg skriftleg, munnleg og digital kompetanse
  • kan bidra til samarbeid og utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i skolen omkring begynnaropplæring
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar med fagleg integritet og etisk bevisstheit

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Bestått praksis og bestått FOU-oppgåve

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsmåtane i faget vil være både felles nettbasert undervisning og undervisning på lokal campus. Det vil vere førelesningar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteratur og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Ein forventar at studentane organiserer kollokviegrupper.​

Obligatorisk læringsaktivitet

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

Godkjente arbeidskrav er gyldige i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.

Studenten må ha godkjent tre arbeidskrav for å kunne gå opp til eksamen:

  • eitt arbeidskrav knytt til design og utprøving av undervisning  i praksis i gruppe. Dette skal munne ut i ein munnleg presentasjon og ein vitskapleg poster som samanfattar resultata.
  • seminar der eitt byggjer på tekstanalyse og innlevert notat med responsgrupper, og seminar knytt til arbeid med prosjektskisse

Presisering av arbeidskrav og formelle krav vert delt ut ved semesterstart

Vurderingsform

Semesteroppgåve. Ei individuell skriftleg prosjektskisse med problemstilling. Meir presisering kjem første del av semesteret. Det blir gitt rettleiing i arbeidet med prosjektskissa.

Språk: Norsk, valfri målform.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel