Hopp til innhald

HVF851 Helserett

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I dette emnet vil det bli fokusert på sentrale helserettslege problemstillingar. Det blir gjeve ei oversikt over organisering og ansvarsforhold i helseforvaltninga. Helsepersonell sine plikter, herunder forsvarlegkravet, og pasientar/brukarar sine rettar og rettstryggleik, samt tverrfagleg samarbeid vil bli eit gjennomgåande tema. Studentane vil få ein grundig gjennomgang av den generelle helselovgjevinga, som helsepersonelloven, pasient- og brukerrettighetsloven, helse- og omsorgstjenesteloven og spesialisthelsetjenesteloven, samt oversikt over tvangsreglar i helselovgivinga.

 

Det vil bli lagt vekt på ferdigheitstrening i skjønnsutøving ved problemløysing etter helselovgjevinga, samt munnleg og skriftleg kommunikasjon med pasientar og brukarar, og i den samanheng fokus på klart språk i sakshandsaminga. Arbeid med individuell plan vil også inngå i emnet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

Studenten skal

  • ha avansert kunnskap om korleis helsepersonelloven gjennom pliktføresegner ansvarleggjer helsepersonell, både i høve til pasientar/brukarar og offentlege styresmakter
  • ha avansert kunnskap om innhald og rekkevidde av det helserettslege forvarlegkravet
  • ha inngåande kunnskap om samtykke som grunnlag for helsehjelp og dei viktigaste unntaka frå dette utgangspunktet
  • ha inngåande kunnskap om innhald og rekkevidda av sentrale pasient- og brukarrettar, herunder fordeling og prioritering av helsehjelp
  • ha inngåande kunnskap om dei viktigaste rettstryggleiksgarantiane i helseretten, herunder særleg krav til sakshandsaminga
  • ha inngåande kunnskap om dei rettslege grensene for kommunikasjon av opplysingar underlagt teieplikt innanfor helse- og omsorgssektoren og overfor andre organ
  • ha kunnskap om organisering, samhandling og ansvarsforhold i helsetenestene
  • ha kunnskap om menneskerettslege føresegner som er særleg viktige innan helsefeltet

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne

  • identifisere og analysere helserettslege problemstillingar og arbeide sjølvstendig med dette praktisk og/eller teoretisk
  • på ein sjølvstendig måte finne, analysere og vere kritisk til rettskjelder innanfor helsefeltet
  •  bruke relevant kunnskap om regelverket til å sikre pasientar og brukarar sine rettar og rettstryggleik på eige og tilgrensande fagfelt
  •  utøve fagleg forsvarleg skjønn innanfor rammene i helselovgjevinga og kommunisere dette på ein klar og tydeleg måte til pasientar og brukarar
  • bruke regelverket og vere kritisk til eigen praksis, t.d. i lys av krav til fagleg forsvarlegheit

Generell kompetanse:

Studenten skal kunne

  • argumentere tydeleg og presist for eit rettsleg standpunkt og utveksle synspunkt med andre på og utanfor eige fagfelt
  • formidle sentrale helserettslege problemstillingar, analyser og konklusjonar skriftleg og munnleg
  • analysere og vurdere etiske aspekt rundt samtykke og bruk tvang
  • bruke kunnskap om pasientrettar og menneskerettar for å sikre rettstryggleiken til pasientar og brukarar, med særlig aktualitet for sårbare grupper
  • bidra til nytenking og fagleg utvikling på eigen arbeidsplass

Krav til forkunnskapar

HVF850 Sakshandsaming, forvaltningsrett og juridisk analyse i helse- og velferdsforvaltninga.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, rettleiing, diskusjonar, digitale ressursar, fysiske og digitale samlingar, digital spørjetime kvar veke, sjølvstudium, skrivetrening, medstudentvurdering av skriftleg arbeid.

Studenten har sjølv ansvar for eiga læring, og studenten må sjølv engasjere seg for å oppnå læringsutbyttet i emnet. Det blir forventa at studenten møter førebudd til samlingane og deltek aktivt både i gruppearbeid og i diskusjonar i klassen. Spørjetime kvar veke (utanom samlingsvekene) er eit tilbod for studentane til digitale møte med faglærar, for å oppklare eventuelle spørsmål som reiser seg under i sjølvstudiet.

Vidareutdanninga er tverrfagleg og det er eit mål med utdanninga å utvikle samarbeidsrelasjonar på tvers av yrkesgrupper. Det blir lagt vekt på at studenten utviklar kunnskap og ferdigheiter som gjer at ein blir i stand til å gjere sjølvstendige vurderingar av juridiske spørsmål.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før studenten kan framstille seg til sluttvurdering:

1. Oppmøte og deltaking på samlingar; 75%.

2. Ei skriftleg individuell oppgåve på 1800 ord.

Vurderingsform

Eksamen

Skriftleg heimeeksamen over 5 dagar. Ordgrense 2500 ord +/- 10%.

 

VurderingsuttrykkBokstavkarakter

Ny eksamenVed karakteren «ikkje bestått» får studenten utdelt ny oppgåve ved ny eksamen i påfølgande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate, men det er ikkje lov å samarbeide med andre.

Meir om hjelpemiddel