ELE306 Robotikk

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ei innføring i robotikk og autonome system. Dette omfattar grunnleggande prinsipp, geometrisk representasjon, matematisk modellering, programmering, styring, simulering og bruk av robotar.

I tillegg omfattar emnet viktige komponentar i bruken av robotarmar og mobile robotar som aktuatorar og sensorar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

  • Kandidaten vil ha grunnleggande kunnskapar om robotar, med fokus på modellering, , programmering, simulering og bruk.
  • Kandidaten vil ha grunnleggande kunnskapar om geometrisk representasjon og matematisk modellering av robotarmar og mobile robotar.
  • Kandidaten vil ha erfaring med modellering, programmering og bruk av ulike typer robotar.

Ferdigheter

  • Kandidaten behersker enkel programmering og praktisk bruk av minst éin type industriell robot.
  • Kandidaten behersker modellering, programmering, simulering og praktisk bruk av robotarmar og mobile robotar.

Generell kompetanse

  • Kandidaten kan ta ansvar for prosjekt der bruk av industrielle robotarmar eller mobile robotar er aktuelt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ELE302 Reguleringsteknikk 2 eller tilsvarande, ELE204 Reguleringsteknikk 1 eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar (både fysiske og digitale), laboratorieøvingar, obligatoriske øvingar og ei semesteroppgåve.

Obligatorisk læringsaktivitet

3 godkjende øvingsoppgåver, 3 godkjende laboratorieøvingar.

Vurderingsform

Eksamen består av to delar:

  1. Semesteroppgåve, tel 25% av endeleg karakter.
  2. Skriftleg skuleeksamen, 3 timar, tel 75% av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått. Begge delar må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Ved færre enn 10 oppmelde kan skriftleg eksamen bli endra til munnleg eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel (notatar, skriftlege kjelder, digitale kjelder, programvare som t.d. Matlab) er tillate, men hjelpemiddel er personlege, og kommunikasjon med andre er ikkje tillate.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ELE306D (1) - Robotikk - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • TOE057 (1) - Robotikk - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ELE108 (1) - Robotikk - Reduksjon: 10 studiepoeng