Hopp til innhald

ID3-217 Sport - kultur - leiing

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld følgjande tema:

  • idrett og politikk
  • idrettens organisering
  • sport-medie-komplekset
  • sport, kultur og identitet
  • organisasjonsteori
  • strategi
  • leiing

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om idrettens organisering og fellesskap
  • har kunnskap om framveksten og utviklinga av idrett og media i eit globalt perspektiv
  • har kunnskap om sportsjournalistikk og ulike medietypar (tv, radio, aviser, Internett)
  • har kunnskap om dei overordna strategiske problemstillingane i ein organisasjon

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere maktforhold i ein organisasjon
  • kan forstå samanhengen mellom idrett og politikk

Generell kompetanse

Studenten

  • har teoretisk innsikt i idretten sin plass i samfunnet
  • kan forstå leiarutfordringar innanfor frivillige og profesjonelle organisasjonar

Krav til forkunnskapar

Fullført 1. år bachelor Idrett og kroppsøving eller tilsvarande kompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, framleggings- og innleveringsoppgåver og praksis for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Praksis er knytt til leiing og er ein observasjonspraksis på fem dagar fordelt over to veker.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle obligatoriske læringsaktivitetane vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om teoretisk innsikt i idretten sin plass i samfunnet knytt opp mot idrettens organisering og fellesskap, framvekst og utvikling av idrett og media i eit globalt perspektiv.

  • Godkjent framlegging av gruppearbeid - idrettspolitikk
  • Godkjent framlegging av gruppearbeid - kultur og identitet
  • Godkjent observasjonspraksis og individuell skriftleg oppgåve knytt til organisasjonsstruktur og leiing

For studentar som har valt trenarutdanning i fotball vil arbeidskrava vera retta mot fotballfeltet.

Vurderingsform

Del 1: Individuell hjemmeeksamen - Sport og kultur. Tid: 5 timar. Vekting: 70 % av endeleg karakter.

Del 2: Individuell munnleg eksamen - Leiing. Tid: 30 min pr. student. Vekting: 30 % av endeleg karakter.

Gradert karakter (A - F), der F er ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel