Hopp til innhald

NHRD201 Natur, helse og rørsle

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Kunnskapsområdet Natur, helse og rørsle bygger på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning (2018), forsking og profesjonell erfaring. Kunnskapsområdet er ein obligatorisk del av utdanninga og omfattar naturfag, bærekraft, mat, rørsle og helse i vid forstand. Emnet er lagt til første studieår. 

Naturen er ein viktig arena for friluftsliv, opplevingar og erfaringar,  og studentane skal gjennom kunnskapsområdet  både sjå og meistre dei moglegheitene som ligg i pedagogisk arbeid i naturomgjevnadar og barnehagens uterom.

Gjennom praksisnære oppgåver skal studentane få erfaringar med å legge til rette for uformelle og formelle leike- og læringssituasjonar i ulike miljø. Barns sanselege og kroppslege veremåte er sentralt i studentanes arbeid med tilrettelegging for rørslemessige erfaringar, eksperimentering, utforsking, undring, samtale, refleksjon, leik og læring.

Barnhagelæraren skal kjenna til folkehelseutfordringar  og skal bidra til barnas motoriske og fysiske utvikling. Måltid og matlaging skal gje barna eit grunnlag for å utvikla matglede og bidra til forståing for maten sitt opphav. Norske tradisjonar innan natursyn, matkultur og fysisk aktivitet kan verke framande på mange. Med bakgrunn i dette legger utdanninga vekt på korleis ein kan få til gode møter mellom ulike kulturar. 

Arbeidet i kunnskapsområdet skal i stor grad vera praktisk retta og knyta til praksisfeltet. Ein viktig del av profesjonskompetansen er å kunna observera, analysera og forstå barns leik, utvikling og læring. Gjennom emnet skal studentane få kunnskap og erfaring med å tilrettelegga for leik og læring for alle aldersgrupper, sikra likestilling, og ta omsyn til mangfaldet i barnehagen.  På denne måten vil emne bidra til at studentane blir medvitne rollemodellar.  

Kunnskapsbasen bygger i hovudsak på fagområda naturfag, fysisk fostring og mat og helse. Undervisninga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del. Ulike oppgåver i emne kan vera knyta til forskings- og utviklingsprosjekt ved HVL når det ligg til rette for det. 

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om barn sin bruk av kropp og sansar i leik og læring, og om korleis ein kan skape rom for dette  
  • har kunnskap om tydinga av friluftsliv og naturopplevingar for barn 
  • har kunnskap om fysiske fenomen, biologisk mangfald, organismar i barn sitt nærmiljø og samanhengar i naturen  
  • har kunnskap om berekraftig utvikling og korleis barnehagen kan arbeida med dette temaet 
  • har kunnskap om menneskekroppen, motorisk og fysisk utvikling, helsefremjande arbeid og livsmestring.
  • har kunnskap om mat, maten sitt opphav, matens sensoriske egenskaper, matlaging og måltid som pedagogisk ressurs 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartlegga og bruka naturen og nærmiljøet til ulike årstider ved naturfagleg undring, eksperimentering og læring, kroppsleg utforsking, leik og samtalar med barn 
  • kan bruke materialar, råvarer, teknikkar, reiskapar og lokale naturressursar i praktisk arbeid med barn  
  • kan planlegga og gjennomføra faglege aktivitetar med barnegrupper av ulik alder og kritisk vurdere eigen pedagogiske leiing og praksis 
  • kan legge til rette for fysisk aktivitet, varierte måltid og god hygiene i samsvar med nasjonale føringar  
  • kan risikorvurdera ulike leikemiljø, og samstundes legge til rette for barns meistring og risikofylt leik   

Generell kompetanse

Studenten

  • er medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik, naturopplevingar og måltid
  • har god innsikt i korleis rammeplan for barnehagen kan brukast som utgangspunkt for aktivitetar i mat, natur, helse og rørsle.
  • kan  drøfte etiske problemstillingar knyta til kunnskapsområdet
  • kan reflektere over naturens verdi og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med mat, helse, natur og rørsle  

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli nytta varierte arbeidsformer som lærarstyrte og studentstyrte aktivitetar, arbeid i grupper, seminarverksemd, førelesningar, rettleiing individuelt/gruppe og sjølvstudium. Delar av det studentaktive arbeidet vil liggja utanfor dei timeplanfesta aktivitetane.  Praktisk arbeid og ulike aktivitetar ute og inne vil bli vektlagd i kunnskapsområdet, men studiet blir organisert slik at teori og praktisk arbeid utgjer ein heilskap.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane må rekne med at delar av undervisninga er obligatorisk. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

 

Praksis

Leiing av barn og medarbeidarar

Studenten skal i løpet av andre studieår få gjere seg erfaringar med samarbeid med både føresette, personale og samarbeidspartnarar, leie aktivitet med barn og øve seg i å leie medarbeidarar i barnehagen. Dette inneber blant anna å utvikle eigen rettleiarkompetanse og å reflektere over rettleiinga sin plass i barnehagen. Studenten skal òg tileigne seg større forståing for barnehagen som læringsmiljø og danningsarena og barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barn varierte erfaringar. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • vise evne til å reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber
  • vise evne til å stå fram som ein reflektert pedagogisk leiar og fagperson
  • leie og rettleie barnehagepersonalet i aktivitetar med barnegrupper og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • vise relasjonskompetanse og kunne reflektere kritisk over eiga rolle i kommunikasjon og samarbeid med føresette og kollegaer
  • reflektere over barnehagen som leike-, lærings- og danningsarena

Leiardagane minimum 4 skal gjennomførast i løpet av heile praksisperioden(haust og vår) og må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske læringsaktiviteter

  • Ei oppgåve gjennomførast i samband med praksis der studentane skal planleggje, gjennomføre og evaluere ein utedag. 
    • kan planlegga og gjennomføra faglege aktivitetar med barnegrupper av ulik alder og kritisk vurdere eigen pedagogiske leiing og praksis 
  • Studentane skal i gruppe utforske og beskrive kva eit naturområde kan by på og korleis ein kan bruke eit slik område med ei barnegruppe.
    • kan kartlegga og bruka naturen og nærmiljøet til ulike årstider ved naturfagleg undring, eksperimentering og læring, kroppsleg utforsking, leik og samtalar med barn 
    • kan legge til rette for fysisk aktivitet, varierte måltid og god hygiene i samsvar med nasjonale føringar  
  • Godkjent obligatorisk deltaking ved studentaktive læringsformer

Alle obligatoriske læringsaktivitetar blir nærare presisert ved semesterstart, og er knytt til læringsutbytta i emnet.

Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent. Dei må være levert / gjennomført til fastsett innleveringsfrist for at dei skal bli vurdert. Dersom ein læringsaktivitet ikkje blir godkjent, får studenten ein (1) moglegheit til ny innlevering / gjennomføring innanfor ordinært studieforløp i emnet. Nytt forsøk må være avvikla seinast 3 veker før eksamen startar.

Vurderingsform

Praktisk  eksamen

- som består av: Ein praktisk del i gruppe på 3-7 timar, munnleg i gruppe ca 10-20 minutt, og munnleg individuelt 5 - 10 minutt.

Individuell karakter.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Personlege notatar. Lenke til «Meir om hjelpemiddel» lagar eit utdjupande notat om korleis ein kan bruka hjelpemiddel ved eksamen.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NHRD101 - Natur, helse og rørsle - Reduksjon: 20 studiepoeng