OR2-301 Styrt praksis

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Praksisen skal vere relevant for den studieprofilen studenten legg opp til. Studenten skal ta del i og få innsikt i bedrifta sine praktiske arbeidsoppgåver. Han/ho bør trekkast inn i faglege diskusjonar og vere til stades på konferansar, seminar, kurs m.m. Høgskulen vil koordinera arbeidet med å skaffe praksisplassar, men studenten er sjølv ansvarleg for å få eigna praksisplass. Praksisplassen skal godkjennast/må vere godkjent av høgskulen. Praksis skal byggje på det ingeniørfaglege. Arbeidserfaring/praksis som er gjennomført før opptak til ingeniørutdanninga kan ikkje nyttast.

Læringsutbytte

Kunnskap: - Kandidaten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor eige fagområde, samt relevante metodar og arbeidsmåtar innanfor elektrofaget.  - Kandidaten kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.

Ferdigheiter: - Kandidaten kan anvende kunnskap og relevante resultat fra forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innanfor elektrofaget og grunngje sine val. - Kandidaten har ingeniørfagleg digital kompetanse, kan arbeide i relevante laboratorium og beherskar målemetodar, feilsøkingsmetodikk, bruk av relevante instrument og programvare, som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.

Generell kompetanse - Kandidaten kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre - Kandidaten har forståing av at tverrfaglegheit er nødvendig for gode systemløysingar. - Kandidaten kan reflektere over eigen fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse eigen fagleg utøving til den aktuelle arbeidssituasjon

Krav til forkunnskapar

(ELE141 og ELE142) eller ELE143 må være bestått.

Kandidaten må ha greidd 80 sp. Det kan søkjast om unnatak frå denne regelen.

Tilrådde forkunnskapar

Alle emne 1. og 2. år

Undervisnings- og læringsformer

Praksisperioden er på 270 arbeidstimar inkludert tid til rapportering. Studenten har ein rettleiar på praksisplassen og ein kontakt på høgskulen. Det skal utarbeidast ein rapport i samarbeid med praksisverten.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det skal førast dagbok, signert av arbeidsgjevar, som fortel om tidsbruk og arbeidsoppgåver, dag for dag. Det er krav om 90% oppmøte på arbeidsplassen. Alt fråvere skal vere dokumentert. Praksisopphaldet skal presenterast munnleg i ein video med lengde kring 6 minutt.

Vurderingsform

Greidd/ikkje greidd basert på praksisrapport.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel